For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Utleggsbrua i Lom

TypeBro

2686, Lom
Utleggsbrua i Lom sentrum. Foto: Mari Wedum
  • Utleggsbrua i Lom sentrum. Foto: Mari Wedum
  • Lom sentrum med utleggsbrua og Lomseggen i bakgrunn. Foto: Mari Wedum
  • Lom sentrum. Foto: Mari Wedum
  • Product Image
  • Product Image

Om

Den spesielle trebrua som går over Bøvra i Lom sentrum er bygd som ei utleggsbru frå 1700-talet, og er ei vidareutvikling av dei eldste brukonstruksjonane vi kjenner – stokkar lagde over eit elvefar.

På ei utleggsbru blir stokkane lagt oppå kvarandre, gradvis lenger og lenger utover, forankra i store steinar i enden. Det stod tidlegare ei utleggsbru på omtrent same staden. Brua vart bygd i samarbeid mellom Stokk & Stein og tømrarlina på den vidaregåande skulen i Lom, og opna i 1993.

Om du vel å gå vidare nedover elvefyllinga her, kjem du over til Tronoodden, der der har fleire stigar for stutte turar. Du kan gå langsmed elva vestover, eller du kan gå opp til Tronoberget, 886 moh.

Kart

Sjå meir

Nordal turistsenter | Hotell, hytter og camping, LomNordal turistsenter ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom, og er eit tradisjonsrikt hotell med campingplass og restaurant.

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Lom nasjonalparklandsby, LomVelkomen til nasjonalparklandsbyen Lom - innfallsporten til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no