For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nordal turistsenter | Hotell, hytter og camping

TypeHotell

Bergomsvegen 15, 2686, Lom

+47 61 21 93 00

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Bilde av Nordal Turistsenter
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

I meir enn 100 år har familien Nordal arbeidd for å gje ferdafolk alt dei treng. Det tradisjonsrike hotellet med campingplass ligg midt i Lom nasjonalparklandsby- i det kulinariske smørauga i Gudbrandsdalen. 

På Nordal bur du dessutan i stutt avstand til fiske, sjåverdigheiter og andre aktivitetar.

Hotell:
Hotellet har heimekoseleg særpreg med triveleg interiør. Her er det  totalt 18 rom med TV, trådlaust internett og bad med dusj og toalett. ​​​​​​Her kan du vakne opp til utsikt mot den brusande Prestfossen, den mektige Lomseggen eller den ærverdige Lomskyrkja. Hotellet eignar seg godt for bryllaup, jubileum, møter og andre samlingar.

Hytter:
På Nordal turistsenter kan du også overnatte i hytter. Du vel sjølv om du vil bu i ein enkel og rimeleg hytte, eller i ei av dei større hyttene som har det meste av det du forventar å finne av fasilitetar når du leiger ei moderne campinghytte. Det er 64 hytter hjå oss. Dei fleste med dusj og toalett.

Camping:
Er du på veg til Lom, og på utkikk etter overnatting i hytte? Nordal Turistsenter ligg midt i Lom sentrum, og har både små og store campinghytter.

Nordal camping i Lom er ein moderne og triveleg campingplass i naturskjønne omgjevnader – midt i hjarta av Jotunheimen. Campingplassen har plass til 120 einheiter, og det er enkelt å ta seg fram med både bubil og campingvogn. Dette er ein 4-stjerners campingplass med leikeplass, kafé m/leikerom, spisesal, pub, gatekjøken, storkiosk og bensinstasjon. Nordal servicesenter (Esso) har tømmestasjon for kjemikalietoalett.

Fjoset Pub: Lyst til å oppleva ein pub utanom det vanlege? Fjoset Pub i Lom byr på heimekoseleg godstemning med någå attåt. Nordalsfjoset er eit 90 år gamalt fjos som er godt ivareteke og ombygd til pub. Her er det garantert god stemning i lune omgjevnader. 

I høgsesongen er Fjoset Pub open kvar kveld. Elles i året er puben open kvar fredag og laurdag  21:00 – 02:00.

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • eget bad

Annen overnatting

  • campingplass
  • rom

Generelle fasiliteter

  • badstue
  • café/cafeteria
  • familievennlig
  • gatekjøkken
  • kafé
  • kursfasiliteter
  • lekeplass
  • lekerom
  • oppholdsrom
  • resepsjon
  • reservasjon mulig
  • selskapslokaler
  • servering
  • solarium
  • spisesal
  • wc

Kredittkort

  • Eurocard
  • Visa

Romfasiliteter

  • dusj
  • familierom
  • farge-tv
  • rom for allergikere
  • wc og dusj/bad på rommet

Skjenkerettigheter

  • alle rettigheter

Utleie

  • hytter

Kart

Opningstider

Sesong (3 apr 2020 - 11 okt 2020)

Sjå meir

Nordal turistsenter | Restaurant, LomNordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.

Pub at Nordal Tourist Center in Lom, JotunheimenNordalsfjoset | Pub, LomNordalsfjoset pub er eit 90 år gamalt, godt bevart fjos knytt til Nordal turistsenter i nasjonalparklandsbyen Lom.