For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Langrenn i Lom

TypeLangrenn

2686, Lom
  • Langrenn i Lia i Lom
  • Product Image

Om

I Lia, om lag 10 km frå Lom sentrum, finn du både ljosløype, oppkøyrte langrennsløyper og fjelløyper.

Idylliske Lia byr på mange flotte langrennsmoglegheiter, berre 10 min. frå Lom sentrum. Løpyenettet består av fire oppkøyrde løyper, og ei umerka fjelløype som er ideell for fjellski. Spenn på deg skia og nyt!

Ljosløypa:

Ljosløypa har tre sløyfer på 1 km, 2 km  og 3 km. Ljoset i ljosløypa lyser til ca. 22.30 om kveldane. 

Åslirunda:

Rundtur på ca. 8 km.
Åslirunda startar ved Skihytta. Kryss vegen og følg vegen eit par hundre meter oppover skogen til skiløypa byrjar. Følger Kvammsvegen oppover ca. 2 km. Tek så av til venstre og følgjer «Øvre Stikkveg» i flatare terreng til Gapahuken. Vidare nedover Åslivegen, og så til venstre langs «Nedre Stikkveg» over til Kvammsvegan att.

Kvammen:

Løype på ca. 3 km. Følgjer Kvamsvegen som oppover som Åslirunda, men går heilt opp til Kvammen.

Åslikvolven:

3 km rundløype vestover frå Gapahuken i lett og ope terreng.

Blir køyrt når det er nok snø og sikker is. Denne løypa bles lett att.

Fjelløypa:

Ca. 17 km

Løypa går fyrst opp til Kvammen og så til fjells.  Vidare i lett fjellterreng nesten til Honnsjoen før løypa svingar sørvaustover att og ned til Åslikvolven.

Merk at Fjelløypa blir ikkje merka eller køyrd opp, og denne turen krev kunnskap om navigasjon og sikker ferdsel i høgfjellsterreng.

Ver obs på skredterreng ned frå Nørdre Storteppingje.

Vis omsyn til villrein om området.

Vi minner elles om fjellvettreglane.

Adkomst frå Lom senturm:

Sving av RV 15 og køyr til venstre ved Fossheim Steinsenter og følg skilting mot Lia på FV 468. Følg vegen i 6, 5 km, og sving deretter til venstre ved skilt mot Flatmogrendi. Følg FV 473 i ca. 2 km. Parkering på venstre side av "Skihytta".

Oppdatert løypeinfo: Ljosløypa har hovudprioritet i høve til oppkjøring - og blir køyrt opp tysdagar og fredagar, og elles sporadisk. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrd stort sett mot helg. 

Meir informasjon her: lom-idrett.no/ski/loyper/

Kjelde: Lom IL

Fasiliteter

Aktiviteter

  • preparerte løyper på området

Natur og terreng

  • turskiområde

Sportsaktiviteter

  • langrenn

Vintersport

  • ikke preparerte løyper
  • langrenn
  • preparerte løyper

Kart

Sjå meir

Nordal turistsenter | Hotell, hytter og camping, LomNordal turistsenter ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom, og er eit tradisjonsrikt hotell med campingplass og restaurant.

Fossberg | Hotell, motell og hytter, LomTradisjonsrikt hotell midt i Lom sentrum. Matservering i koseleg spisesal og kafeteria med stor uteservering. Hotellet har velværeavdeling med svømmebasseng, boblebad og badstue.

Fossheim | Hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i den trivlelege spisesal etter turen.

Hotelroom at Brimibue Hotel with vies over the river Bøvra, Lom Jotunheimen.BrimiBue | Hotell, LomPå BrimiBue i Lom sentrum er det eit moderne og stilfullt hotell i andre etasje.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no