For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen (FV 55)

TypeNasjonal Turistvei

Sognefjellsvegen, 2686, Lom

61219090

Fylkesveg 55, Nasjonal turistveg Sognefjellet, mellom brøytekanter ved Prestesteinsvatnet. I det fjerne sees stortoppene ved Smørstabbreen. Foto Jarle Wæhler  Statens vegvesen
  • Fylkesveg 55, Nasjonal turistveg Sognefjellet, mellom brøytekanter ved Prestesteinsvatnet. I det fjerne sees stortoppene ved Smørstabbreen. Foto Jarle Wæhler  Statens vegvesen
  • Foto Råmund Mundhjeld, Sognefjellshytta
  • Snø i fjellet nord for vegen over Sognefjellet mot slutten av juni. Foto Werner Harstad  Statens vegvesen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang (veg 55). Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang.

Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen, stig vegen opp gjennom dalen til toppunktet 1434 meter over havet.

Om vegen:
Vegen startar i Lom, og allereie før du kjører ut av den vesle bygda tek forventningane til å byggje seg opp. Det er ikkje alle turistvegar som har ei slik naturleg dramaturgisk oppbygging med mange og mektige inntrykk. Langs vegen ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn.

På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds steinskulptur som lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. Der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver. Kva gjer du når du er framme? Tar ein pust i bakken, og lar inntrykka falle til ro. Nokon snur og kjører samme vegen tilbake, og blir overraska over kor annleis alt er. Alt er det same, men likevel er det som å sjå naturen på ny.

Sykling langs Sognefjellsvegen: 
Å sykle over Sognefjellsvegen er ei stor oppleving. Om du vel å starte med den brattaste klatringa innerst i Sognefjorden, går vegen opp frå Skjolden forbi Turtagrø med partier med opp mot 16% stigning. Her syklar du frå den smaragdgrøne Lustrafjorden til den blågrøne Bøverdalen, med den råaste klatringa og vakraste nedkøyringa. Søtmat og saltmat på Sognefjellshytta og Turtagrø hotell. Meir info her/vegtur.no

Historia:
Vegen over Sognefjellet var ei viktig ferdselsåre som batt kysten og innlandet saman. Det var handelstrafikk som frakta salt og fisk austover, mens smør, tjøre og skinn vart frakta vestover. I gamle dagar var det ikkje utan risiko å ferdast over fjellet - i fjellet var det fant som rana vegfarande og handelsmenn.

Naturen har også ein styrke det kan være vanskeleg for mennesker å utfordre. På vinterstid er veret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tar du turen rett etter opninga om våren, vil dei opptil ti meter høge brøytekantane være eit synleg bevis på styrkeforholdet i fjellet om vinteren. Det er naturen som bestemmer, og vi får ei påminning om at det er vi som må innrette oss.

Vintervarsel: Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar

Kjelde: nasjonaleturistvegar.no

Fasiliteter

Aktiviteter

  • turstier

Annen overnatting

  • overnatting

Natur og terreng

  • fjell
  • fjellterreng
  • fotturområde
  • utsikt
  • utsiktspunkt
  • vann

Sesong

  • sesongåpent
  • Sommer

Sportsaktiviteter

  • vandreruter

Kart

Opningstider

Sesong (12 apr 2019 - 1 nov 2019)

* Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai. I år opnar vegen 12.april 2019.

Sjå meir

Elveseter hotell, LomDen gamle slektsgarden - og kunsthotellet Elveseter har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet, og er eit av dei mest særeigne hotella i Noreg.

The Saga Column - Elveseter. Photo: Mari Arnøygard WedumSagasøyla - Elveseter, Lom«Sagasøyla» er ei 34 meter høy søyle med skulptur og relieffer som viser Noreg si historie frå slaget ved Hafrsfjord fram til landet fekk sin grunnlov på Eidsvoll. Sagasøyla står ved Elveseter turisthotell i Leirdalen i Lom kommune.

Krossbu tourist cabin during winterKrossbu turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privateid turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, Noregs høgste fjellovergang.

Hostel, Sognefjellet, GaldhøpiggenBøverdalen vandrerhjem og camping, LomBøverdalen vandrerhjem ligg ved vegen i Bøverdalen, mot Sognefjellet – eit ypperleg startpunkt for vandring, sommarski og toppturar i Jotunheimen.

Sognefjellet, Sognefjellshytta, Visit Jotunheimen, JotunheimenSognefjellshytta - turisthytte i Jotunheimen, LomSognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, og er eit utmerka utgangspunkt for skiturar, topptur og vandring i Jotunheimen. Her kan du overnatte i rom med ulik standard.

Strind gard, LomPå Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Strind gard har hytter/rom, både med høg standard og enkelt standard, til rimelege prisar i eit intimt og romantisk gardsmiljø.

Teigen gard - Lom, Jotunheimen, LomTeigen gard ligg 2,8 km vest for Lom sentrum. Garden er eit godt utgangspunkt både for friske fjellturar til fots eller på ski i Jotunheimen, eller om de ynskjer spennande aktivitetar og smakfulle matopplevingar i Lom sentrum.

Galde Uppigard – Gardsovernatting, LomGalde Uppigard ligg 550 m.o.h. i Bøverdalen. Gardsovernatting i gamle og nye hus, og kort veg til Galdhøpiggen, Galdhøpiggen sommerskisenter, jakt, fiske, andre fjellturar og rafting.

Røisheim hotel in Bøverdalen, Lom - Jotunheimen. Photo: Mari Arnøygard WedumRøisheim hotell, LomRøisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gammal verna skysstasjon med ei helt unik atmosfære og eit berømt kjøkken.

Breheimen nasjonalpark, SkjåkBreheimen nasjonalpark vart oppretta 7.august 2009, og ligg i eit fjell- og breområde i Oppland og Sogn og Fjordane, i kommunene Skjåk, Lom og Luster.

Andberg gard - Veslehuset, LomAndberg gard ligg idyllisk til langs Sognefjellsvegen, 1 kilometer utanfor Lom sentrum.

Viewpoint SognefjelletUtkikkspunkt Sognefjellet: Opplev Jotunheimen nasjonalpark, LomEi spektakulær gangbru og eit nytt utkikkspunkt ved Sognefjellshytta skal gjere det enklare for folk flest å få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.