For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Teigen gard - Lom, Jotunheimen

TypeHytter

Teigen, 2686, Lom

+47 61 21 14 88

Ankomst Teigen Gard
  • Ankomst Teigen Gard
  • Utsikt frå Teigen Gard
  • Kjøkken i hus på Teigen Gard
  • Seterhus på Brekkøy
  • Stova i seterhuset på Brekkøy
  • Brekkøye -setra til Teigen Gard
  • Product Image

Om

Teigen gard ligg 2,8 km vest for Lom sentrum. Garden er eit godt utgangspunkt både for friske fjellturar til fots eller på ski i Jotunheimen, eller om de ynskjer spennande aktivitetar og smakfulle matopplevingar i Lom sentrum.

På sjølve garden tilbyr vi overnatting i det trivelege stabburet vårt som har stove, kjøkenkrok, eitt soverom med 4 sengeplassar (familiekøye) og bad, samt veranda med utemøblar.

Brekkøye småbruk er ein idyllisk gard i Bøverdalen, 11 km vest for Lom sentrum. Huset har innlagt straum og vatn, og det inneheld stove, kjøken, to soverom med til saman 4 sengeplassar, bad med dusj, og det er utedo i nærleiken av huset. Ved inngangspartiet er det ein romsleg platting med utemøblar.

På seterstulen Hovde er det mogleg å overnatte på Brekkøysetra, som ligg lunt og fint til  900 m.o.h. Setra ligg 23 km. vest for Lom sentrum, og her kan du finne roa i enkle og trivelege omgjevnader. Seterhuset har kjøken med gasskomfyr, stove med sofakrok, spisebord og vedomn, og soverom med 3 sengeplassar. I bekken som renn rett utanfor setra finn du friskt og godt fjellvatn.

 

Kart

Sjå meir

Bakeriet i Lom, LomBakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Vi har utsal med brød og andre bakevarer og eigen kafé. Om sommaren har vi uteservering med pizza og hamburger.

Nasjonal turistveg Sognefjellsvegen (FV 55), LomNasjonal turistveg Sognefjellet, fylkesveg 55, går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang. Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang med eit toppunkt 1434 meter over havet.