Glitterheim | Turisthytte i Jotunheimen

TypeFjellstue

Veodalsvegen, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen (Åpnes i et nytt vindu)

+ 47 61231833

Glitterheim i vinterdrakt
  • Glitterheim i vinterdrakt
  • Glitterheim i vinterdrakt
  • Snøkledd Glittertind
  • Vinterbilete frå Glitterheim i Jotunheimen
  • Skilt ved Glitterheim i Jotunheimen
  • Peis på Glitterheim turisthytte
  • Gamle treveggar på Glitterheim turisthytte
  • Oversiktbilete Glitterheim Turisthytte
  • Sykling innover Veodalen på veg mot Glitterheim turisthytte
  • Solnedgong på Glittertind i Jotunheimen
  • Interiør på Glitterheim turisthytte
  • Glitterheim i vinterdrakt
  • På skitur ved Glitterheim i Jotunheimen
  • På topptur i Jotunheimen
  • Skitur i Jotunheimen
  • Product Image
  • Turistar på veg mot Peis på Glitterheim turisthytte i beltevogn
  • Spisesalen på Glitterheim
  • Interiør på Glitterheim turisthytte

Om

DNT-hytta Glitterheim ligg ved foten av Glittertinden, omkransa av ei rekkje 2000 - meterstoppar.  Familien Vole ventar deg med 140 senger og måltider basert på tradisjonsrik fjellkost.

Glitterheim har 137 senger. Desse er fordelt på 2-sengsrom og, 4-sengsrom, større rom og sovesal.

I alle senger er det dyner og puter med varetrekk. Ver vennleg å bruk eigen lakenpose. Det er òg mogleg å legge til side dyna og bruke eigen sovepose. Lakenpose eller sengetøy kan laigast i resepsjonen.

Hytta har varmt og kaldt vatn i hovudhuset og aggregatstrøm (220 v). Det kan likevel vere greit å ha ei lommelykt i sekken da aggregatet slås av ca. kl. 23.00 kvar kveld. I sovehuset finnes toalett, dusj og tørkerom.

Frå Glitterheim er det natursti for barn og vaksne. På naturstien får du vete meir om planter, dyreliv, tradisjonar og tidlegare busetting i området. Sjøl om Glitterheim ligg både høgt og alpint til, er området rundt hytta grønt og frodig. Her finn du blåbærlyng, tyttebærlyng, og i sørveggen på hytta trives rabarbraen.

Sesong: medio mars - medio april og medio juni - medio september

Sykle eller gå inn til hytta: Glitterheim ligg i Jotunheimen nasjonalpark, og det er difor ikkje lov å køyre bil inn. Bommen ligg 7 km frå hytta, og her har dei utleige av syklar, slik at du kan parkere gratis og sykle eller gå inn til Glitterheim.

Til fots: ca 1,5 time
På sykkel: ca 45 min

Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 100,- pr sykkel pr veg.
Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. 
Les meir her: https://glitterheim.dnt.no/adkomst/

Høgruta i Jotunheimen:
Glitterheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar som Norge sitt nest høgaste fjell, Glittertind.

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • Guidet tur

Medlem i

  • Den Norske Turistforening

Kart

Veibeskrivelse

Om vinteren har vi  transport heilt inn til trappa på Glitterheim. Kjem du med eigen bil, kan du køyre til Veolia i Sjodalen, der det er parkeringsplass. Vi abefaler E6 om vinteren, sidan Valdresflya er vinterstengd.

Om sommaren må du gå eller sykle inn til Glitterheim. Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 100,- pr sykkel pr veg.  

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Om sommaren må du gå eller sykle inn til Glitterheim frå bommen ved nasjonalparkgrensa. Frå her er det 7 km inn til Glitterheim. Det er mogleg å leige sykkel. Det står syklar ved bommen. Les meir her: https://glitterheim.dnt.no/adkomst/

Henting av bagasje fra bmmen ved nasjonalparkgrensa: Etter avatale med vertskapet kan bagasje hentast frå bommen til Glitterheim, altså frå grensen til nasjonalparken, 7 km frå hytta.

Med offentleg transport kan du ta buss eller tog til Otta, så ordnar vi resten frå Glitterheim – på bestilling. 

Om vinteren er det ikkje brøytt veg inn til Glitterheim, men vertskapet transporterer sine gjestar med beltebil/snøscooter frå Veoli i Sjodalen, ca 10 min. køyring frå Randsverk.

All transport frå Veoli må bestillast på Glitterheim, gl-heim@online.no eller på telefon: 900 15 529/ 994 25 915

Vanlege avganger om vinteren er frå Veoli kl 16.00  Retur frå Glitterheim etter frukost. 

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Opningstider

* Ope for booking i sesong.
Sjå nettside for nærmare info.

Sjå meir

Fottur til Glittertinden - 2452 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Topptur på ski: Glittertinden (2452 m.o.h.), LomTopptur på ski til Norges nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell.

Rundtur over Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden - 2452 m.o.h., LomGå til Norges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., via 2000-meterstoppane Ryggjehøe og Glitterrundhøe

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no