Opplev Lom og Jotunheimen frå sykkelsetet!
Her finn du sykkelveger for alle nivå – alt i frå stisykling til familievenlege sykkelturar. Sykkelferien kam kombinerast med ei stort antal atraksjonar, lokal mat og kulturelle opplevingar.
Jotunheimen og dei eventyrlege fjelldalane rundt er eit mekka for alle syklistar i alle aldre og ambisjonsnivå. På fulldempa elektrisk stisykkel frå Bike & Hike kjem du dobbelt så langt – og opplever dobbelt så mykje– utan å bli halvparten så sliten.
Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem nasjonalparklandsbyar i Noreg og ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Vil du oppleve nasjonalparklandsbyen og kringliggjande område frå sykkelsetet, kan du leie sykkel med eller utan guide.
Sjå sykkelkart her!
Sognefjellsvegen: Ein av dei mest spektakulære turane får du dersom du tek turen over den nasjonale turistvegen Sognefjellsvegen, Nord-Europas høgaste fjellovergang. Opplev det beste frå fjord til fjell langs Fv55, med fantastisk landskap undervegs.
Panorama Ottadalen: Mellom Lom (Fossbergom) og Otta finn du ein merka sykkelveg på rolege bygdevegar langs Vågåvatnet. Du syklar gjennom eit velstelt kulturlandskap med aktivt landbruk og tradisjonsrike gardar, fleire av desse byr på overnatting.
Gira på å oppleve meir fjell? Det er populært å leige sykkel for å ta turen inn til Glitterheim. I sommar kan du leige EL-sykkel frå Bike & Hike, og sykle til fjells. Turen går i flott kulturlandskap, langs gamle ferdselsvegar og er ei perfekt oppladning til ein topptur til Glittertind!
Selskapet «Aktiv i Lom» har pump-track bane i Lom sentrum, for deg er som er på jakt etter litt enkel moro.
Sykkel kan du få leigd hos Bike & Hike Jotunheimen eller via Glitterheim turisthytte.
Trø i veg, og god tur!