For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Glittertinden (2452 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Ottadalsvegen 5746, 2686, Lom

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Glittertinden (2452 moh.) er Norges nest høgaste fjell; ein majestetisk topp med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen. Glittertinden er eit populært toppturmål, på fjellski eller randonée -  og inngår òg i Høgruta i Jotunheimen.  

Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte (1390 m.o.h.) eller Spiterstulen (1100 moh.)
Høgdeforskjell: Ca. 1100 høgdemeter frå Glitterheim turisthytte
Antatt tidsbruk: 6–8 timar (tur-retur). Totalt 16 km.
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vegval: Jamn stigning. Vêr obs på at bilvegen inn Veodalen til Glitterheim er stengt midtvinters. Ta kontakt med Glitterheim for eventuell transport innanfor hytta sine opningstider. 

Toppen av Glittertinden er dekka av ei praktfull snø- og iskappe, og har fått namnet sitt frå elva Glitra, som renn frå Glitterholet i Visdalen. Glittertinden er eit fabelaktig fjell for fjellski- eller randonneekøyring.

Frå Glitterheim:
Landets nest høgaste topp er ein relativt enkel tur frå Glitterheim turisthytte. Den enklaste ruta går vestover via Steinbudalen og følgjer anten sommarstien aust for Glitterbrean eller oppover sjølve breen. Mot toppen held ein fyrst mot høgde 2274, før ein kjem opp og vrir inn på ryggen mot sjølve toppen. Vel oppe kan du nyte ei av landet sine flottaste utsikter. Toppunktet har utoverhengjande skavlar, så ikkje gå for langt ut på kantane.

Nedkøyringa byr på jamne og slake bakkar i same retning som du kom opp. Her kan du legge lange, dovne svingar nedover mot Steinbudalen. Ned breen frå toppen og til Glitterheim er det nesten utan unntak fine skiforhald, og det skjer at han blir bestege fleire gonger per dag grunna fantastisk nedkøyring. Her kan heile familien få godkjensla som høyrer med artig skikøyring. 

Eit lengre alternativ er å følgje stien vidare vestover mot Spiterstulen, og så ta av mot nord til Ryggjehøe (2142 moh.). Mot Glitterrundhøe (2089 moh.) tek du nordvestover, for så å ta opp nordøst til Glittertind. Følg stien herifrå attende til Glitterheim. På denne turen må du rekne rundt 9 timar.

Frå Spiterstulen: 
Følg sommarrute mot Glitterheim på skrå oppover mot Skautflye, altså nordaust over Skautkampan, over Skauta og vidare langs Steindalselve og deretter venstre i retning Steindalen mot ryggen austover til toppen. Retur same veg, eller ned til Glitterheim. Frå Spiterstulen er det snaut 1400 høgdemeter til toppen.

Fjellet er dessutan ein av av toppane du er innom langs Høgruta i Jotunheimen

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Fottur til Glittertinden - 2452 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Rundtur over Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden - 2452 m.o.h., LomGå til Norges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., via 2000-meterstoppane Ryggjehøe og Glitterrundhøe

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no