For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Flåklypa i Bøverdalen

TypeKulturminne

2686, Lom

+47 61 21 29 90

Flåklypa i Bøverdalen, Sognefjellsvegen
  • Flåklypa i Bøverdalen, Sognefjellsvegen
  • Kjell Aukrust henta inspirasjon til animasjonsfilmen Flåklypa Grand Prix (1975) i Bøverdalen i Lom.
  • Veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix har vore arrangert i Lom kvar vår sidan 1992.

Om

Ein av Noregs mest sette filmar er "Flåklypa Grand Prix", dokkefilmen laga av Ivo Caprino og Kjell Aukrust. Kor kjem så namnet Flåklypa frå?

Namnet Flåklypa kjem av to steinar som ligg i elva Bøvra ved Flå i Bøverdalen i Lom. Når ein frå gamalt av skulle køyre heim høy frå setrene vinterstid, nytta ein gjerne den isdekte elva der sledane gjekk lettare. Ved Flå måtte sleden med høylasset passere dei to steinane som lokalt vart kalla "klypa". Bøndene ville gjerne få med seg mest mogleg på kvart lass då det var ein lang tur opp til seters. Lassa vart difor gjerne så breie at noko av høyet vart flådd av mellom steinane. Derav kjem namnet Flåklypa.

I filmen Flåklypa Grand Prix bllir staden beskrive slik: "Sju og tredve mil nordover, litt øst og oppover, ligger Flåklypa, ei lita fjellbygd under himmelhvelvingen. Sjølberga med både dampysteri og campingplass, lokalavis og egen TV-sender. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renner opp over Storjuvet, bor sykkelreparatør og bygdeoriginal Reodor Felgen og hans to assistenter."

Flåklypa ligg 8 km sørvest for Lom sentrum langs fylkesveg 55 over Sognefjellet. Når du kjem til vegskiltet "Flåklypa", ligg sjølve klypa i elva til høgre langs vegen. 

Gardsbutikk og urtehage på Nordgard Aukrust:
Far til Kjell Aukrust kom frå Nordgard Aukrust i Lom og Kjell Aukrust vitja garden mange gonger i løpet av sin barndom, og her fann han mellom anna inspirasjon til namnet på filmen. Nordgard Aukrust er og kjend som heimstaden til diktaren Olav Aukrust og garden blir i dag drive økologisk og har ein av Noregs største urtehagar. Her er det gardsbutikk.

Veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix:
Heilt sidan 1992 har Jotunheimen Veterankjøretøyklubb arrangert veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix i Lom og Skjåk. I 2016 var det 25-årsjubileum for veteranbilløpet som går via Flåklypa i Bøverdalen i Lom om våren. Kriteriene for deltaking er at køyretøya må vere 1969-modellar eller eldre, og omfattar bilar, lastebilar/nyttekøyretøy, traktorar og motorsyklar.

 

Kart

Veibeskrivelse

Følg fylkesveg. 55, Sognefjellsvegen, 8 km frå Lom sentrum.

Sjå meir

Aukrust farm, a house and flowers and herbs in front. Aukrust gard og urteri, LomAukrust gard og urteri ligg på Solsida i Bøverdalen. Her er det gardsbutikk, urtehage, utstilling og servering.

Nordgard Aukrust, herb garden and local food shopNordgard Aukrust | Gardsbutikk, LomAukrust gard og urteri har det største sortimentet av økologiske urter i landet, tillaga i eige urteri. Du kan vandre i urtehagen på eiga hand.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no