For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Urtehage på Nordgard Aukrust

TypeBarn/Familie

Solsidevegen 449, 2686, Lom

47 61 21 12 15

Aukrust gard og urteri

Om

Aukrust gard og urteri - gardsbutikk, urtehage, utstilling, servering.

Aukrust Gard og Urteri ligg på Solsida i Bøverdalen, ved foten av Lomseggen (2068 moh), omlag 5 km. frå Lom sentrum. Garden er driven bio-dynamisk sidan 1986. Vi har urtehagar med 200 ulike urter, gardsbutikk, servering etter avtale og arrangement i «Hågå-huset». Kyr, griser, høner og kattar fins rundt tunet. Diktaren Olav Aukrust voks opp her, - og faren til Kjell, med Flåklypa som nabo!

Solbrune tømmerhus i «Nordens Provence», i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv sørger for sol og vi sjølve må sørge for vatn til markens grøde. Altså eit klima godt eigna for blomar og urter, som du kan møte i urtehagen vår. Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma.Vi har landets største utval av økologisk  te og krydder, basert på det vi dyrkar sjølve. Du kan når som helst vandre på eiga hand med ein skriftleg førar for dei vanlegaste artane. Ynskjer du omvising, ta kontakt så avtalar vi tidspunkt.

I 25 år har vi arbeidt med urteforedling, i det vi kallar urteriet vårt. Vi lagar eit stort sortiment basert på det vi dyrkar sjølve. Dette finn du i gardsbutikken - med stort urtesortiment og spekepølser. Dessutan sel vi våre eigne grønsaker. Vi tilbyr diverse økologiske varer. Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr. Våre tilbring sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Franziska og Ola Aukrust, med fem småbarn, – og gode hjelparar i form av medarbeidarar og praktikantar.

Velkomen til urteparadiset! 

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale

Kart

Veibeskrivelse

Vegbeskrivelse: Frå Lom sentrum riksveg 15 mot Skjåk, etter 500m ta fylkesveg 467, 5 km. 

Åpningstider

Opningstider (30 jun 2018 - 11 aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

* Gratis inngong heile året.
Guida turar etter avtale.
Ta kontakt på epost: aukr@online.no