For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Glittertind (2464 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Ottadalsvegen 5746, 2686, Lom

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Glittertind er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen, eg eit ypperleg skifjell for fjellskiturar.

Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte (1390 m.o.h.)
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6–8 timar (tur-retur). Totalt 16 km.
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Enkel til middels
Ned: Enkel til middels
Vegval: Lang tur med jamn stigning
Brattaste parti: 

Toppen av Glittertind er dekka av ei praktfull snø- og iskappe, og har fått namnet sitt frå elva Glitra, som renn frå Glitterholet i Visdalen. 

Landets nest høgaste topp er ein relativt enkel tur frå Glitterheim turisthytte. I motsetnad til Galdhøpiggen, som ble besteget regelmessig utover 1860-tallet, var det lite trafikk på Glittertind. Den enklaste ruta går vestover via Steinbudalen og følgjer anten sommarstien aust for Glitterbrean eller oppover sjølve breen. Mot toppen held ein fyrst mot høgde 2274, før ein kjem opp og vrir inn på ryggen mot sjølve toppen. Vel oppe kan du nyte ei av landet sine flottaste utsikter. Toppunktet har utoverhengjande skavlar, så ikkje gå for langt ut på kantane.

Glitter­tind er eit fabelaktig fjell for fjellskikøyring. Nedkøyringa byr på jamne og slake bakkar i same retning som du kom opp. Her kan du legge lange, dovne svingar nedover mot Steinbudalen. Ned breen frå toppen og til Glitterheim er det nesten utan unntak fine skiforhald, og det skjer at han blir bestege fleire gonger per dag grunna fantastisk nedkøyring. Her kan heile familien få godkjensla som høyrer med artig skikøyring. 

Eit lengre alternativ er å følgje stien vidare vestover mot Spiterstulen, og så ta av mot nord til Ryggjehøe (2142 moh.).  Mot Glitterrundhøe (2089 moh.) tek du nordvestover, for så å ta opp nordøst til Glittertind. Følg stien herifrå attende til Glitterheim. På denne turen må du rekne rundt 9 timer.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Fottur til Glittertind - 2465 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertind, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Glitterheim on a great winter dayGlitterheim turisthytte, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Glitterheim on a great winter dayGlitterheim – servering, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.