For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby

TypeFjelltur

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 612 12 990

Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum

Om

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

På leit etter ein lokal tur som startar i Lom sentrum? Kulturstigen "setervegen til fjells" byr på variert terreng og nydeleg utsikt.

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå toppen Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.

Opp frå sentrum (Fossbergom) og til Skutlan er det i tillegg laga ein revidert versjon av den gamle kulturstigen. Her får du både ny kunnskap og morsomme tilleggsopplysningar i tillegg til utsikta.

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan følge stigen ned att mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs Fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Kart

Veibeskrivelse

Adkomst: 

Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom). Start ved skilt mellom Fossheim hotell og Fossheim steinsenter. Følg merka sti.

Adkomst med offentlig transport.

Bussterminal like ved starten på ruta.