For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Vandrerute | Gjendesheim - Glitterheim (via Tjønnholet)

TypeVandring

Postboks 63, 2688, Lom

+47 61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Turen mellom dei to turisthyttene Gjendesheim og Glitterheim går langs merka sommarrute. Du kan gå anten via Tjønnholet eller via Hestlægerhøe

Total lengde: ca. 22 km.
Tidsbruk: ca. 8 timer

Gå fyrst opp mot Gjendehalsen og forbi stidelet til Besseggen og Memurubu. Vidare går turen mot nord og forbi nytt stidele til Besseggen og over  elva Bessa på sommarbru litt nedanfor Bessvatnet. Videre forbi to stideler til Bessheim nord for elva. Ned til heilårsbrua over utoset av Russvatnet.

Via Tjønnholet: Deretter går turen langs Russvatnet til Tjønnholodden og stidelet for den T-merka ruta til Glitterheim. Frå her er det ikkje T-merka vidare. Gå opp langs austsida av Tjørnholåe som du kryssar ein kilometer lenger oppe. Vidare langs bekken til Tjønnholtjønne, 1602 moh. Her er det bratt opp trappetrinn i ur, og ofte ligg det her ei  hard fonn som kan vere vanskeleg å forsere. Vidare gjennom skaret mellom Austre Hestlægerhøe (1950 moh.) og Nautgardstinden (2258 moh.). Gå så ned til elva Veo og inn på T-merka rute att. Til slutt over elva på heliårsbru og opp til hytta Glitterheim. 

Via Hestlægerhøe: Frå Russvatnet går du da vidare mot vest og så mot nord opp til stidelet til Memurubu. Så opp mellom Austre og Vestre Hestlægerhøe, ofte på snøfonn. Ned i Veodalen til stidele ved Veo for umerka rute om Tjønnholet og over elva på helårsbru og opp til hytta.

 

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no