Topptur på ski: Tverrådalskyrkja (2088 m.o.h.) frå Sota sæter

TypeTopptur på ski

Sotvegen 1279, 2693, Nordberg

0047 478 15 977

  • Turtips: På ski til Tverrådalskyrkja
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Tverrådalskyrkja (2088 moh.) blir kalla "dronninga av Breheimen" og er den høgaste toppen i Breheimen. Turen er krevjane, men byr på nydeleg utsikt frå toppen og lang nedkøyring.

Stad: Sota sæter i Skjåk kommune.
Beste utgangspunkt: Sota sæter, DNT-hytte. 
Lengde: Ca. 20 km tur-retur (9, 4 km. opp til toppen)
Tid: 7 - 9  timar tur retur.
Stigning: Ca. 1300 høgdemeter frå Sota sæter
Ver obs på: Bresprekkar på Fortundalsbreen. Bratt oppover ryggen til toppunktet. Stegjern og evt. isøks er å anbefale. 

Tverrådalskyrkja er ein majestetisk 2000-meterstopp i Breheimen nasjonalpark, og den høgaste "fjellkyrkja" i landet. Toppen er tilgjengeleg som dagstur frå Sota sæter, kor du også kan få med deg ein lokalkjent guide på turen. 

Det naturlege startpunktet er 745 meter over havet ved DNT-hytta Sota sæter i Skjåk kommune. Det er bilveg heilt fram til Sota Sæter. Ta av Rv.15 ved Dønfoss Bru og følg skilting mot Sota Sæter (27 km). Bomautomat i Bråtå, 13 km før Sota. (Betaling via Passpay)

Frå parkeringsplassen følger du vegen (skiløype om vinteren) mot Mysubytta ca. 100 meter og tek opp til venstre oppover skogen - ved skilt mot Nørstedalseter. Etter ca. 20 minutters gange deler stien seg midt i skogen. Da tek du til høgre skrått oppover mot skaret i Tverrådalen - mot Fortundalsbreen. Ruta går deretter innover dalen ein drøy kilometer innan den svinger bratt opp til venstre til Steindalen. Om vinteren følger du altså kvista løype innover dalen. Du ser heile vegen "knollen" som skjuler sjølve toppunktet - framfor deg midt i dalen. Etter kvart flatar stigen ut og du kjem opp i meir ope terreng og ser tre toppar framfor deg. Dette er Tundradalskyrkja til venstre, Nilskollen i midten, og delar av Tverrådalskyrkja til høgre. Følg denne dalen innover på austsida av Tverrådalskyrkja til du kjem inn til Fortundalsbreen.

Sjå GPX-fil her!

Framme ved breen har du eit lite brevatn rett framfor deg. Her forlater du kvistaløypa og må du navigere på eigehand vidare. Det er mogleg å 1) Ta av kvistaløypa mot høgre, og sikte seg inn på brearmen til Forundalsbreen (med toppen rett framfor deg) - eller 2) halde fram rett framover og inn på Fortundalsbreen ved foten av fjellet, og følge breen oppover mot Søre Tverrådalskyrkja.

Alternativ 1) er den vanlegaste ruta om vinteren, om du ikkje skal gå heile ryggen. Da går du inn på breen, og følger den ca. 4-500 meter oppover. 

Oppover ryggen blir det brattare, og ca 1880 meter over havet, er det er vanleg å setje att skia og evt. ta på stegjern for å gå mot toppunktet, dei siste hundre høgdemetrene. Varden på toppunktet ligg 2088 meter over havet. Og det er berre å glede seg! 

Tverrådalskyrkja ligg nemleg omkransa av høge toppar på alle kantar, men grunna si frittliggjande plassering får du formidabel utsikt. Toppen er den høgaste i Breheimen, og gir deg utsikt mot Tafjordfjella, Jostedalsbreen, Hurrungane og Smørstabbtindane og Galdhøpiggmassivet.

Om ein ynskjer ei ekstra lita utfordring kan ein ta turen bortom nabotoppane til Tverrådalskyrkja. Her ligg det to 2000-meterstoppar på rad: Søre Tverrådalskyrkja (2033 moh) og Steinkollen (2020 moh.) Passasjen ut hit er svært luftig. Det er anbefalt med stegjern og isøks.

Nedkøyring: Den vanligaste nedkøyringa er å følge same trasé som ruta opp. Når du kjem ned mot skoggrensa kan det vere ein fordel å køyre ned skogen litt vest for Sota Sæter for å unngå tett småskog.

Alternativ nedkøyring:
1)
 Frå Steindalen kan du ta austover rett på nordsida av Tundradalskyrkji (via vatn 1510 moh.). Vidare slakt nedover til Sottjørnin og over båe vatna til utløpet av Sotgrovi. Frå her har du 700 nydelege høgdemeter nedover til Sota anten på aust- eller vestsida av Sotgrovi.
2) Frå utløpet i Tverrådalen kan du følge elva Tverråi (på austsida) heilt ned i dalen. Dette gir ein finare nedfart med mindre skråkøyring enn den vanlege varianten, men du må da rekne med eit par kilometer flat utmarsj attende til Sota Sæter.

Kjelde: utno og Fri Flyts bok 'Toppturer i Norge'.

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Sota Sæter | Turisthytte, SkjåkSota Sæter er ei betjent DNT-hytte ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark i Skjåk.

Turtips: Tverrådalskyrkja (2088 m.o.h.) frå Sota sæter, SkjåkFOTTUR TIL TVERRÅDALSKYRKJA (2088 m.o.h): Luftig og majestetisk topp i Breheimen nasjonalpark.

Sota Sæter | Restaurant, SkjåkKreativiteten blomstrar og nye retter tek stadig form på kjøkkenet på historiske Sota sæter i Skjåk. Velkomen til fjells!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no