For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Semelholstinden (2147 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Semelholstinden (2147 moh.) er ein tiltrekkjande kremtopp som er enkel å nå frå både Spitertulen og Leirvassbu. Moglegheit for nydeleg skikøyring.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu, Spiterstulen eller Olavsbu
Høgdeforskjell: 1050 meter fra Spiterstulen, 750 meter fra Leirvassbu.
Antatt tidsbruk: 5–7 timer, der 1–2 timer er retur
Ver obs på: Tidvis overhengende toppskavl. Oppsprukke isbre med stedvis open blåis. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks og skarejern. Breutstyr må vurderast. 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski

Semelholstinden er ein markert topp som er synleg frå Leirvassbu. Toppen ligg øvst i Visdalen i Lom kommune, som ein rygg nord/aust for Visbretind, på motsatt side av Visbrean.

Frå Leirvassbu startar turen ved at du følgjer kvista skiløype mot Spiterstulen til du kjem til Kyrkjetjønne, ca. 4-5 kilometer i slakt terreng. Du passerer fjellet Kyrkja på di høgre side. Her går du inn til Visbrean og følger denne opp til sørsida av sjølve toppen. Frå her er det kjapt å kome seg opp og ned frå sjølve toppen.

Det er òg mogleg å skrå av mot Visbrean, og sikte seg inn på moreneryggen vest for breen. Sjølve moreneryggen er bratt, laus og normalt avblåst, men det er fullt mogleg å krysse denne på fleire stader. Det er likevel eit betre alternativ å gå sjølve fjellryggen vest for moreneryggen oppover til ca. 1650 meters høgde. Her er det ei vindgryte som dannar ein naturlig inngang til breen. Det er og eit alternativ å fortsette langs den kvista løypa eit stykke lenger nedover Visdalen, og gå inn på brefallet nedanifrå. Brefallet i seg sjølv er ikkje stort brattare enn omlag 30 grader. Oppe på sjølve breen rundar du Semelholstinden, og gjer bestiginga frå sør. Det siste stykket før toppen kan vere noko avblåst, og snøforholda her varierer frå år til år. Det kan vere greitt å setje att skia i bakken, og gå dei sistre metra til toppen til fots. 

Returen: Nedkøyringa fylger primært same rute som bestiginga. Flest høgdemeter med nedkøyring oppnår du ved å fylge naturleg fall-line heilt ned til Visdalen. Det er og mogleg å gjere nedkøyringa mot sør, ned til Langvatnet. Du krysser i så fall Visbrean mot sør, og fylger dei slake terrengformasjonane mellom Langvasshøe og dei Sørvestre Urdadalstindane. Her er det ofte gode snøforhold og terrengformasjoner som gjev leiken skikjøring. Når du kjem ned til Langvatnet, følger du stien/kvistaløypa frå Gjendebu attende til Leirvassbu. 

Semelholstinden er eit flott fjell å ta som rundtur eller del av ei høgrutamellom Leirvassbu, Spiterstulen og/eller Olavsbu.

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

"Kyrkja" 2032 moh in Jotunheimen. Impressive peak wich resembles a church. Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL KYRKJA (2032 m.o.h): Det karakteristiske fjellet med toppen som likar eit kyrkjespir omtales som signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no