For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
TOPPTUR PÅ SKI TIL FANNARÅKI/ FANARÅKEN (2068 m.o.h)
Fanaråken er sjølvaste signaturtoppen på Sognefjellet. Med sin langstrakte, flate rygg, er dette ein lett gjenkjenneleg topp. Fannaråken har Norge sin høgaste overnattingsplass, med DNT-hytta på toppen, som er betjent i sumarhalvåret.
Beste utgangspunkt: Storfonni ved Preststeinsvatnet mellom Turtagrø og Sognefjellshytta (1430 moh).
Høgdeforskjell: Omlag 700 høgdemeter
Tidsbruk: 4-6 timar (tur- retur)
Ver obs på: Rasfarlege skavlar ut mot Fannråkbreen. Turen går over bre.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Vurder breutstyr.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Fjellski er best frå Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite egna for snowboard
Vegval: Turen kan gåast i terreng under 30 grader om du er nøye med vegvala.
Fanaråken er eit fjell på Sognefjellet i Luster kommune i Vestland. Like ved toppunktet, som ligg 2068 meter over havet, finn du Fanaråkhytta som er ope sommarstid, som Norges høgastliggande overnattingsstad. Fjellet er eit ynda reisemål for vårskiturar både for fjellskiløparar og dei som ønskjer litt brattare køyring. Dessutan er dette området ofte det siste som har snø frå vegen utover våren. Du kan gå turen frå fleire kantar. "Normalvegen" går frå Sognefjellsvegen og langs vestsida av Prestesteinsvatnet.
Tilkomst/parkering: Ein når lettast fjellet frå Fv 55 Sognefjellsvegen. Når vegen er brøytt og ope over fjellet etter å ha vore vinterstengt (normalt innan 1.ami kvart år); køyr til Prestesteinsvatnet mellom Turtagrø og Sognefjellshytta. Parker ved Kørpen eller Storfonni.
Dammen ved Preststeinsvatnet er det vanlegaste utgangspunktet. Kryss over på demningen, og søk deg bort på breen. Sikt deg inn mot høgden 1688 aust for Fannaroknosi. Neste referanse blir den lange breryggan som går nedetter frå Fanaråken sin venstre side. Breen er rimeleg trygg, med lite bevegelse og normalt mykje snø.
Av og til kan sumarruta opp på ryggen òg nyttast, men den aller vanlegaste vegen på ski, er over denne ryggen og ut på «baksida», der denne traverserast eit stykke ned. Ta deg sørover mot ryggen der sumarruta frå Skogadaslbøen kjem opp. Her får du ei bratte til du er oppe på vel 1900 moh. Da flatar ruta ut, og du har det flotte skråplatået framfor deg. Frå her går det lett opp og bortover til toppen.
Ei fantasktisk utsikt er lønna for «slitet» opp. Jotunheim og Breheim på alle kantar. Du har også orkesterplass til Skagastølstindane, med sine høge toppar og hengande brear. Spektakulært! Returen går etter same rute som oppturen.
Andre startpunkt: Om du går turen frå Sognefjellshytta, hald litt sørover etter sommerruta og bortover på sørsida av Presteinsvatnet. Fortset så innover mot Tavla og opp på Fanaråkbreen.
Opptur frå Turtagrø via Helgedalen: Frå påske blir det ofte køyrt spor frå Turtagrø og inn Helgedalen. Følg denne løypa til Helgedalsbotnen. Herfrå kan ein enten følgje sommarstien via Ekrehytta eller opp på vestsida av Steindøla (sjå bilete). Begge stader har korte, bratte passasjar.
Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.