For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Raubergstulen | Ridetur til fjells

TypeRidning

Galdhøpiggvegen 64, 2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forRaubergstulen | Ridetur til fjells (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 18 00

  • Ridetur på Raubergstulen
  • Product Image
  • Product Image
  • Hesteridning Raubergstulen
  • Hesteridning Raubergstulen
  • Hesteridning Raubergstulen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Raubergstulen er eit perfekt utgangspunkt for å oppleve den vakre naturen under Galdhøpiggen frå hesteryggen.

Her kan du vere med på både fjellridning og tur-ridning, sjøl om du ikkje har rideerfaring. Islandshestane er gode tur-kameratar, dei er vant til tur-ridning og tek deg sikkert fram i terrenget. Dei yngste kan vere med på leieriding. Barn frå 8 år kan vere med på 2-3 timars rideturar. 

Her rir du i vakkert høgfjellslandskap - på skogsstier og -veger ved foten av Galdhøpiggen. Utsikta til dei høge toppane i Jotunheimen omkransar deg på alle kantar. Raubergstulen turisthytte ligg idyllisk langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Galdhøpiggen, 1000 m.o.h. i Lom kommune. Her er naturopplevingar og aktivitetane i fjellet i fokus.

Informasjon om turane:
Alle som rir må bruke hjelm. Raubergstulen har hjelmar til utlån.  

På Raubergstulen rir dei stort sett i alt slags vær. Ta difor med gode og varme klede på kalde dagar.
Vêret forandrar seg fort, ta derfor med ekstra klede sjølv om det er fint når vi starter turen. Det kan og bli kaldt når ein sit roleg på ein hest.

Alle turene går i eit flott terreng på fine stigar, det er derfor moglegheit til å gå ved sida av om nokon ynskjer det.

På 2-timersturane og halvdagsturene blir det ei pause på turen, det er derfor mogleg å ta med seg niste og en kaffetermos om dykk ynskjer det. 

Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen.
Leieturane går langs en grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fjellriding
  • fjellvandring
  • ridehest
  • rideturer
  • ridning

Kart

Veibeskrivelse

Køyr Fv 55 frå Lom sentrum til Galdesand, 20 km, deretter Galdhøpiggvegen til venstre og 5 km fram til Raubergstulen.

Opningstider

* Ope for booking.

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Galdhøpiggen_Ove NestvoldGuida tur på Galdhøpiggen - Raubergstulen, Lom

Climbing in Galdhøpiggen High Rope Course - Aktiv i LomAktiv i Lom | Galdhøpiggen klatrepark, LomGaldhøpiggen klatrepark ligg ved foten av Galdhøpiggen, og består av traversar, 76 plattformar og utfordringar for både liten og stor.

Biking to JuvasshyttaGaldhøpiggvegen | Sykkeltur til Juvasshytta, LomTa med deg sykkelen til Nord-Europas høgastliggande bilveg, Galdhøpiggvegen - og trø deg gjennom ei 15 km. lang oppstigning til Juvasshytta!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no