Klatring i Lom, Tronoberget klatrefelt
TypeOpplevelse
2686, Lom
Tronoberget klatrefelt finn du omlag 3 km frå Lom sentrum.
Køyr frå Lom sentrum i retning Otta og ta til venstre mot industriområdet, forsett over brua. Frå her er det strake vegen til ein kjem til ein møteplass. Parkering her. Her finn du eit godt råk på venstre sida, følg dette fem minutt og du kjem rett til klatrefeltet. Det er laga ein eigen klatreførar for Tronoberget.
Utstyr til klatring må kvar skaffe sjølv. Det er inga rettleiing i klatrefeltet, og ingen instruktør til stades. Bruk hjelm! All klatring skjer på eige ansvar.
Ynskjer du å leige med deg guide, kan du kontakte eit av aktivitetsselskapa i Lom og Jotunheimen.