- frå lokal jord til lokalt bord i Lom og Jotunheimen
Fjellregionen Jotunheimen er kjend for sin rike og unike matkultur. Folk kjem farande på jakt etter smakfulle opplevingar i fjellheimen. For å tileigne seg kunnskap om råvarane. For å krydre opphaldet med gode matopplevingar. For å jakte på den ekte smaken av fjell; fjellsmaken.
Serveringsstader og restaurantar på både hotell og lokale fjellstuer serverer lokale rettar basert på gamle tradisjonsrike oppskrifter. Måltida består ofte av kjøtt som rein, hjort, elg og lam som har gått på beite i fjella og skogane i området. Bær og sopp blir sanka i skogen, og mange urter og grønsaker er dyrka organisk. Fjellvatn og elver er sankestader for fersk fisk.
Her får du servert små historier om ei handfull lokale råvarer. Kvifor er dei så viktige for oss, og kva er det med området som gjev dei sitt særpreg?
Fjellsmaken ventar på deg i Lom og Jotunheimen. Du er velkomen til bords!