Med Arne Brimi på laget - blir Jotunheimen sine edlaste råvarer nytta med respekt og drevent handlag, når han bringer fram den råaste fjellsmaken frå kjøkenet sitt på Vianvang. Vi er stolte av å presentere vår mini-serie om matkulturen i Jotunheimen - som vi trur vil gje deg både gåsehud og vatn i munnen!
Her vil du få servert små historier om ei handfull lokale råvarer når programleiar Mari Arnøygard Wedum er ute i felt for å lære mest mogleg om lokale råvarer. Kvifor er dei så viktige for oss, og kva er det med området som gjev dei sitt særpreg? Ho tek desse vidare med til meisterkokk Arne Brimi – som tilbereder ein rett der den enkelte råvara får spele hovudrolla. Og vi deler oppskrifta med deg! Om du ikkje vil kokke sjølv, ventar den ekteFjellsmaken på deg i Lom og Jotunheimen. Du er velkomen til bords!
Om matkulturen i Jotunheimen:
Fjellregionen Jotunheimen er kjend for sin rike og unike matkultur. Folk kjem farande på jakt etter smakfulle opplevingar i fjellheimen. For å tileigne seg kunnskap om råvarane. For å krydre opphaldet med gode matopplevingar.
Serveringsstader og restaurantar på både hotell og lokale fjellstuer serverer lokale rettar basert på gamle tradisjonsrike oppskrifter. Måltida består ofte av kjøtt som rein, hjort, elg og lam som har gått på beite i fjella og skogane i området. Bær og sopp blir sanka i skogen, og mange urter og grønsaker er dyrka organisk. Fjellvatn og elver er sankestader for fersk fisk.
Serien i 4 episoder er produsert av Visit Jotunheimen i tett samarbeid med Frys Film - med musikk av Bjørn Kåre Odde.
Fjellsmaken er støttet av Innlandet fylkeskommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk.
Lom - Jotunheimen 2023 - 2025
© Visit Jotunheimen. Copyright