I vest glir Sognefjellet over i Hurrungane, eit av landet sitt mest alpine tindeområde. Fjellmassivet Hurrungane er eit populært område for fjellklatring og toppturar om våren, og kan skilte med mange 2000-meterstoppar samla innanfor eit lite areal. Her finn du høge alpine fjell med bratte stup og breer.
Turtagrø hotell som ligg 884 meter over havet, er eit godt utgangspunkt for turar til mektige tinder i Hurrungane. Mellom kjende stortoppar som Noreg sitt tredje høgaste fjell, Store Skagastølstind, "Storen" (2404 m.o.h.), Store Dyrhaugsryggen (2147 m.o.h.) og Store Austandbotntind (2202 m.o.h.), går det både lange og korte ryggtraversar som byr på ein rekke turar og utfordringar.