Visdalen er dalen som ligg mellom landets høgaste fjell, Galdhøpiggen i vest og Glittertinden i aust, og Jotunheimen sine mest spektakulære isbrear. Visdalen er omkransa av ei rekkje 2000-meterstoppar og er eit ynda utgangspunkt for toppturar.
Spiterstulen turisthytte er, ved sidan av Juvasshytta, det mest brukte startpunktet for turar til Noreg sitt tak, Galdhøpiggen. Mektige fjell og spanande isbrear omkransar Visdalen på alle kantar, og heile 17 tindar over 2300 meter kan bestigast frå Spiterstulen på dagstur.
Det er og populært å brevandre på "Eventyrisen" på Svellnosbrean. Ynskjer du å vere på tur i fleire dagar, kan du gå frå hytte til hytte over brear og fjelltoppar mellom Spitterstulen, Memurubu og Glitterheim, eller gje deg ut på den spektakulære Høgruta i Jotunheimen.
Vidalen er ein sidedal til Bøverdalen. Frå Røisheim hotell går det ein ca. 18 km. lang bomveg inn til turisthytta Spiterstulen som ligg 1106 meter over havet. I vintersesongen er det brøytt veg heilt inn til hytta når ho er ope. Elles er vegen stengd om vinteren.
Dette er ein 5 dagars topptur i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta går over minst åtte brear og sju 2000-metertopper, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen. Overnatting skjer på betjente hytter. Kvar etappe er ca 15 km, med 1000 – 1500 meter stigning.
Spiterstulen turisthytte ligg 1100 m.o.h. mellom landet sine høgaste fjell og Jotunheimen sine flottaste brear, ved skoggrensa i Visdalen, i Lom kommune i Jotunheimen. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.
Spiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Vi går gjerne på tur heile året, men våre høgsesongar er påske, vårskiturar samt sommar.