For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Galdhøpiggen Klatrepark - Aktiv i Lom

TypeFamilieparker

2687, Bøverdalen
Klatring i Galdhøpiggen Klatrepark - Aktiv i Lom

Om

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det travesar (zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for familiar, med utfordringar av ulik grad alt frå 1 til 12 meter over bakken i tretoppane. Parken eignar seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag og andre grupper. Kom til Galdhøpiggen klatrepark og opplev noko anna; utfordring og meistring hand i hand!

BARNELØYPA

Det er bygd ny barneløype nede i parken. Den er laga slik at voksne personar kan fylgje  barna i løypa eller frå bakken, og hjelpe barna dersom det vert behov for dette. Barneløypa er laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger, eller bare delar av den. Dette er noko ein kan gjere medan ein ventar på dei andre som er med i turfylgjet skal fullføre.

Parken har til saman 76 plattformer og bør vekke «Tarzan» i dei fleste av oss. Grillplassen i botnen av parken gjer det mogleg å ordne matservering etter klatringen (hugs å gjer avtale om dette i forkant).

EKSTREMLØYPA

Ekstremløypa utfordrar sjølv den erfarne klatrepark-entusiasten. Dette er ei etter førehalda kort løype med høg intensitet der du får prøvd både psyke og balanse. Du må vera over 160 cm lang for å kunne prøve denne.

Gje vener og familie ei real utfordring og inviter dei med til Galdhøpiggen klatrepark! Me kan også lage ulike opplegg med teambuilding for bedrifter og organisasjoner. Kontakt oss på post@aktivilom.no eller ring oss på 61212799.

Pris fra

BillettypeBillettavgift
barn under 7 årNOK 100,- pr. person
Også tilgjengelig som:
Kroppslengde over 140 cmNOK 340,- pr. person
Kroppslengde under 140 cmNOK 250,- pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • barneaktiviteter
  • klatring
  • teambuilding
  • utendørs aktivitetsområde

Arrangementstyper

  • Andre arrangement
  • Bedriftsmøter
  • For barn

Forretningstilbud

  • kiosk
  • suvenirer

Generelle fasiliteter

  • hunder i bånd er tilatt

Kredittkort

  • Visa

Målgruppe

  • Barn
  • Buss- og gruppearrangement
  • Familie
  • Familie med barn
  • Par
  • Ungdom
  • Voksen

Natur og terreng

  • blandingsskog
  • bratt
  • lyng
  • skogsområde
  • stenete
  • utsiktspunkt

Sesong

  • åpent etter avtale
  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • oktober
  • september

Sportsaktiviteter

  • klatring

Språk

  • norsk

Tema

  • Aktiv ferie
  • For hele familien
  • Naturopplevelser
  • Verdt å besøke

Kart

Veibeskrivelse

26 minutt med bil frå Fossbergom, sentrum i Lom

Åpningstider

Ope (23 jun 2018 - 19 aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 15:00
Offentlig Høytidsdag10:00 - 15:00

* Siste oppmøtetidspunkt er kl. 1500. Parken stengjer heilt kl. 1700.