For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Visbretinden (2234 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Eit majestetisk fjell med fleire flotte nedkøyringsval!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 830 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer, der 1–2 timer er retur (avheng av vegval)
Ver obs på: Utglidningsfare og tidvis overhengende toppskavl. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks og skarejern 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Bratteste parti: Inntil 40° opp til Langvasshøe

Fylg kvista løype over Leirvatnet retning Olavsbu og Gjendebu. Ved Høgvaglen tek du av mot Kyrkjeoksle og går over høgdedraga merket med 1843 og 1772 m.o.h. på kartet. Deretter passerar du på sørvestsida av høgdedraget merket med 1929 m.o.h., og fortsett ned i bandet mellom dette og Langvasshøe. Opp til Langvasshøe er det bratt og avblåst, så her må normalt skia berast på sekken. Etter Langvasshøe fortsett du over høgdemerket med 1958 m.o.h. og ut på bandet mot Visbretinden. Deretter fylges ryggen eit stykke bortover, før toppen vert bestige fra sør. Nedkøyringa gjerast normalt same veg, men Visbretinden tilbyr og flotte rundturer som normalt gjev langt bedre skikøyring. Det mest vanlege alternativet er å køyre attende til bandet mellom Visbretinden og Langvasshøe, og gå ut i sida mot nordvest og sette skituppane i retning Kyrkjetjønne. Folk med appetitt på brattere terreng, vel gjerne den 40 grader bratte sørsiden ut på Visbrean og videre nedover mot Langvatnet. Denne lina gjev omlag 800 høgdemeter i variert, spennande og leikent terreng, men ver merksam på skredfara i det bratte partiet på sørsida. Eit tredje alternativ er å krysse Langvasshøe på veg attende, og deretter køyre ned mot Nedre Høgvagltjønnen. Her er det omlag 25 grader bratt i nærare 500 høgdemeter.

 

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.