Svellnosbreahesten (2181 moh) - er ein lett tilgjengeleg topp som ligg heilt for seg sjølv midt på Svellnosbreen.
Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 4- 5 timar tur- retur.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels
Gjemt bak Galdhøpiggmassivet ligg ei skjult perle av en skitur. Svellnosbreahesten (2182 moh) er, som navnet tilseier, ein nunatak eller ein brehest, altså eit fjell som stikk opp av, og er omkransa av ein isbre. Svellnosbreahesten er i seg sjølv ikkje eit majestetisk fjell, men med utsikt til Galdhøpiggen, Tverråtindandane, Ymels- og Storjuvtind samt Skarstind er brehesten i eit storreist selskap av majestetiske toppar.
Skituren startar frå Spiterstulen, fyrst langs elva Visa ein drøy kilometer før ein dreier inn i Tverrådalen og opp mot Svellnosbrean. Her kan ein anten gå opp moreneryggen med skia på sekken eller fortsette på ski opp flanken vest for ryggen. Frå brekanten bratnar det til opp mot Solskinnstoppen (35°) som ein passerar på vestsida. Her kjem ein inn på Svellnsobreen som ein følger mellom Svellnosbreahesten og Tverråtind nesten til topps.
Spesielt ved tynt snødekke må ein vere merksam på at det partivis er store sprekkområder på denne delen av breen. Toppunktet når ein enkelt til fots og skikøyringa heim byr på nydeleg crusing i variert terreng. Retur same veg som opp.
Kilde: www.galdhopiggen.no / Spiterstulen bre- og fjellføring
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.