Topptur på ski: Surtningstinden (1997 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Kjell Nyøygard

Om

Eit nydeleg skifjell som innbyr til rundtur!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 650 meter
Antatt tidsbruk: 4–6 timer fra Leirvassbu, der 1 time retur
Ver obs på: Utglidningsfare og tidvis overhengende toppskavl. Skredfare fra austveggen
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. 
Vanskelighetsgrad:
Opp: Enkel
Ned: Enkel:
Vegval: Logisk
Brattaste parti: 30°

Fylg kvista løype vestover frå Leirvassbu i retning Skogadalsbøen. Rett etter Gravdalsfonni kan du byrje å skrå oppover i det slake terrenget opp mot Glupen og Surtningsbreen. Det er mogleg å fylge T-merka og varda rute heile veien opp til Glupen, men i vintersesongen er denne normalt berre delvis synleg. Opp til bandet mellom Surtningstinden og Stetinden er det ikkje særlig bratt, men frå her skyt Surtningstinden ganske bratt opp. Ein bør difor halde noko avstand til austveggen. Kun ved stabile snøforhald bør det vurderes å gå bratta rett på. Det er både enklare og tryggare å gå heilt fram til ryggen på nordsiden av fjellet, og fylge denne til topps. Siste 40 høgdemeter kan vera avblåst og steinete. Nedkøyringa fylger primært same rute som bestiginga, der ein sjølv vel brattheit etter eigen dugleik, ynsker og snøforhald. Du får flest høgdemeter – og absolutt best skikøyring – dersom fall-lina fylgjast rett på Gravdalen. Toppen innbyr til rundtur der nedkøyringa kan gjørast på nordsida og ned mot Tverrbyttjønne. Denne nedkøyringslina gjev og nesten 650 høgdemeter i nydeleg terreng med gode snøforhald og valfri brattheit. Turen er og flott å ta som del av rundtur til Storebjørn. Frå Glupen fylger du terrenget nordover og ut på Sandelvbrean. Du fortsett Sandelvbrean oppover, og vidare inn på Smørstabbrean. Frå Smørstabbrean leier en tydeleg korridor deg opp til baksida av Storebjørn sin fortopp.

 

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.