For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Tverråtinden (2309 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Visdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Store Tverråtinden (2309 moh) - er ein lett tilgjengeleg topp som er ein del av ryggen Tverråtindan sør for Galdhøpiggen, omkransa av breane Svellnosbrean, Tverråbrean og Nørdre Illåbrean. 

Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 4- 5  timar tur- retur.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.

Bak Galdhøpiggmassivet ligg ei skjult perle av ein skitur. Store Tverråtindan passar godt å kombinere med ein tur innom Svellnosbreahesten (2181 moh), som er ein nunatak eller ein brehest, altså eit fjell som stikk opp av, og er omkransa av ein isbre.

Skituren startar frå turisthytta Spiterstulen i Visdalen, 1100 meter over havet. Følg fyrst elva Visa ein drøy kilometer før du dreiar inn i Tverrådalen og opp mot Eventyrisen og Svellnosbrean. Her kan du anten gå opp moreneryggen med skia på sekken eller fortsette på ski opp flanken vest for ryggen. Frå brekanten bratnar det til opp mot Solskinnstoppen (35 grader) som ein passerar på vestsida, altså til venstre for Solskinnstoppen. Her kjem ein inn på Svellnsobrean som ein følger mellom Svellnosbreahesten og Tverråtinden til topps. Om du vil gå innom Svellnosbreahesten på turen, kan du gjere det anten på veg opp eller på veg ned att.

Frå kanten av Svellnosbrean, kjem du til Tverråtindryggen. Her er det lurt å sette frå seg skia og gå til fots bortover ryggen til toppunktet. 

Spesielt ved tynt snødekke må ein vere merksam på at det partivis er store sprekkområder på denne delen av breen. Toppunktet når ein enkelt til fots og skikøyringa heim byr på nydeleg crusing over breen før det blir litt brattare ned att i Tverrådalen. Retur same veg som opp.

Tverråtinden byr på majestetiske utsikt, mellom anna til nabotoppar som Ymels- og Storjuvtind og Skarstind, Bukkehøe og Smørstabbtindan. 

Kilde: www.galdhopiggen.no / Spiterstulen bre- og fjellføring

Kart

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Glacierguide.Spiterstulen bre- og fjellføring | Guida turar i Jotunheimen, LomSpiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Vi går gjerne på tur heile året, men våre høgsesongar er påske, vårskiturar samt sommar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no