For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Dyrhaugstinden (2147 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Fv55 340, 6877, Fortun

Sjekk tilgjengelighet forTopptur på ski: Store Dyrhaugstinden (2147 m.o.h.) (Åpnes i et nytt vindu)

+47 57 68 08 00

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Dyrhaugstindane er en fjellrekke som ligg i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen. Store Dyrhaugstinden ligg lett tilgjengeleg for flott skikøyring. Frå Turtagrø hotell er det enkelt å ta ut ruta mot toppen, som gir utsikt til ei rekke av dei meir spektulære fjelltoppane i området. 

Beste utgangspunkt: Turtagrø hotell
Høgdeforskjell: Ca 1200 høgdemeter, frå 884 – 2147 m.o.h.
Tidsbruk: 4-5 timar (tur- retur)
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare på toppen
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Isøks, stegjern og skarejern er anbefalt.
Anbefalt skiutstyr: Randonneski
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Enkel
Ned: Enkel

Når du startar frå den store parkeringsplassen ved hotellet vil du etter hundre meter kunne krysse elva på ei lita bru. Etter dette kjem du til ein liten haug som du runder til venstre. Deretter går du nokre få meter nedover i terrenget att før du tek fatt på stigninga. Dette er ikkje ein særleg bratt tur, men ein kan bli lurt til å tru at vegen til toppen kortere enn det som er tilfelle.

Vær forsiktig på toppen. Utsikta er fantastisk, men ikkje bli freista til å gå for langt ut på kantane. Skavlane på denne toppen er livsfarlege. Forsøk for all del ikkje å komme deg ut på toppeggen utan sikring. I tillegg til å vere utstyrt med stegjern og isøks bør ein gå i taulag.

Hele ryggen er nordvendt, så snøen ligg her til midten av juni. Seint på sesongen kan det hende du må gå på føtene eit par hundre meter frå hotellet. Du ser heile ruta frå startpunktet ved Turtagrø hotell. Normalt er det ikkje snøskredfare i mai og juni, men ta støtt omsyn til vêr- og føremeldingar. Tidlegare i sesongen er det tidvis snøskredfare i dette henget. Videre følgjer du ryggen, helst langs dei slake partia til toppen. Følg ryggen til topps på Nordlige Dyrhaugstind (2050 moh). Her velger mange å kalle det toppen, og nyte utsikten mot Hurrungane.

Frå Nordlige Dyrhaugstind smalnar eggen, og det blir luftigare å kome opp på toppen av Store Dyrhaugstind. Om ein kjenner seg sterk med høgder og forholda er fine, så er ikkke dette teknisk krevjande. For sikker gange vidare må ein bruke sikringsmidlar som stegjern, tau og isøks.

Beste kart er Hurrungane 1: 25 000. Kartet kan kjøpast i resepsjonen på Turtagrø.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no