For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Bukkeholstinden (2213 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen
Product Image

Om

Er du klar for ei krevjande utfordring vert du her løna med moglegheit for bratte lineval på heimvegen!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Spiterstulen
Høgdeforskjell: Ca. 950 meter fra Spiterstulen, 650 meter fra Leirvassbu 
Turlengde: 6–8 timer, hvorav 1–2 timer retur
Ver obs på: Overhengende skavler og skredfare fra toppeggen. Store og tidvis åpne bresprekker i dei bratte delane av breen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Breutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende
Ned: Middels 
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 30° 

Fylg kvista løype gjennom Visdalen til ca. 1300 meters høgde. Frå her skrår du oppover i retning Bukkeholsbrean. Breen er best å gå på høgre side oppover for å unngå den brattaste og mest oppsprukne delen. Når du har kome opp på sjølvebreplatået siktar du deg inn på venstre side av Store Bukkeholstinden. Dei fleste vel å legge att skia her og klyve den bratte ryggen til topps. Retur gjerast normalt same veg attende, men for folk med appetitt på bratt skikøyring er det mogleg å få nedkøyring i 40 – 45 grader bratt terreng ned til Tverrbytnede. Turen er og fin å kombinere med Søre Bukkeholstinden. For å komme til topps på denne legg ein vanlegvis att skia eit lite stykke nedanfor toppunktet, og så bestigast den delvis bratte og luftige ryggen til topps. Bukkeholstindene er ypparleg å legge inn som del av ein haute route mellom Leirvassbu og Spiterstulen. Er Spiterstulen dagens endestasjon vil eit flott nedkøyringsalternativ vera å krysse Bukkeholsbrean austover, og køyre ned til Visdalen i det bratte terrenget på sørsida av Bukkeholsbekken. Normalt er det gode snøforhold på begge alternativa til langt ut i mai. 

Alternative toppturer fra Bukkeholsbrean: Bukkeholsbrean er ein av mange isbreer som er godt eigna til toppturar på ski. Ynsker du ein lengre topptur kan turen over Bukkeholsbrean forlengast til i herlege skifjell som sluttar seg til breen.

 

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no