For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Stehøe (1885 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

skikøyring, snødekt fjell, blå himmel

Om

Gira på ein kort topptur? Stehøe byr på flott nedkøyring utan den heilt lange anmarsjen og oppstiginga!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 480 meter
Antatt tidsbruk: 2–3 timer, der ½ time er retur
Ver obs på: Bratt snørygg og toppskavl kan gjere det vanskeleg å nå heilt til topps fra aust.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern, isøks og stegjern 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og snowboard. Med fjellski er det tilrådd å runde fjellet via Gravdalsfonni, og bestige toppen fra vest.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Logisk
Brattaste parti: Inntil 45° bratt siste 40 høydemeter. 

Stehøe ligg rett aust for Leirvassbu, men er trass nærleiken eit lite nytta skifjell. De fleste tykjer turen vert i kortaste laget og vel heller nokre av dei mer kjende toppturfjellene i området. Stehøe er fin å ta som ettermiddagstur, eller som tur kombinert med andre toppar. Fylg kvista løype mot Skogadalsbøen, og start bestiginga etter nokre få hundre meter. Fylg ryggen oppover. Mot slutten bratner ryggen til og vert omlag 45 grader på det brattaste. Ein skavl på toppen kan gjere det krevande å kome heilt til topps. Tidvis vil det vera tryggast å avslutte bestiginga på nedsida. Dette reduserar talet på høgdemeter, men uansett er det fin skikøyring over ryggen. Det er mogleg å finne leikne terrengdetaljer, og om snøforholda tillet det kan nedkøyringa krydrast med brattare variantar. Dersom det er stabile snøforhold kan ein ta seg inn i ei stor og open renne på fjellets nordaustside. Denne er omlag 40 grader bratt, og det er mogleg å køyre heilt attende til vegen eller Leirvassbu. Ofte byr denne renna på flott vindbeskytta puddersnø.For dei som ynsker ein mindre bratt skitur, er det vanleg å bestige Stehøe fra vest. Normalt er det gode snøforhold på begge alternativa.

 

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no