For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Skarddalstinden (2100 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Skarddalstinden er ein vakker topp som samstundes er enkel å bestige. For vandrarar som går den stutte etappa mellom Olavsbu og Leirvassbu er det eit framifrå alternativ å gå over Skarddalstinden i klårvêr!

Beste utgangspunkt: Olavsbu og Leirvassbu.
Høgdeforskjell: Ca. 700 meter
Antatt tidsbruk: 5–6 timer fra Leirvassbu, der 1–1½ time er retur.  Noko stuttare tur-retur Olavsbu.
Ver obs på: Utglidningsfare på hardt underlag. Skredfare i vestveggen
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks og skarejern. Breutstyr må vurderast for brealternativet.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vanskelighetsgrad:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Logisk
Brattaste parti: I overkant av 30°.

Legg kursen langs kvista løype mot Gjendebu og Olavsbu. I krysset der løypene til Gjendebu og Olavsbu skiljer lag skrår du over mot nordryggen av toppen dersom planen er å bestige toppen fra denne sida. Ver merksam på at det er lokalt bratte partier opp nordryggen. Alternativt kan kvista løype fylges vidare mot Olavsbu heilt til Rauddalsbandet, der du skrår oppover og fylger ryggen til topps. Dette er eit enklare alternativ for bestiging, men på denne siden må man regne med å legge att skia omlag 150 høgdemeter før toppen. Begge ryggane er greie å fylge, men ynsker du å køyre på ski heilt fra toppunktet vil nordsida vera best. Eit godt alternativ er å køyre breen ned mot Langvatnet. Det er enkelt å kome seg ut på breen både fra nordryggen og eggen som leier austover mot Skarddalseggje. Er det stabile snøforhold kan det og vera mogleg å gå inn i vestveggen, for å få ei brattare nedkøyring enn over ryggane eller breen. Skarddalstinden er eit fint toppunkt å bestige som del av rundtur eller haute route mellom Leirvassbu, Gjendebu, Olavsbu og/eller Spiterstulen. Dei beste snøforholda er normalt på breen, men og nedre del av vestveggen byr ofte på bra snøforhold.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.