For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Skagsnebb (2003 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

TOPPTUR TIL SKAGSNEBB (2003 m.o.h.) – Eit av Noregs beste skifjell

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1000 meter
Tid:  4-6 timar, der ca. ½ time retur
Ver obs på: Skredfare frå nordrenna. Tidvis overhengande toppskavl. Utglidningsfare frå toppryggen
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Breutstyr må vurderast
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski (Det er anbefalt å legge att skia ca. 80 høydemeter frå toppen.​​​​​​)
Klassifisering:
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Logisk/noke vurderings- og navigasjonskrevjande
Brattaste parti: Inntil 45° mellom 1900 og 1980 moh.

Kryss elva Leira over Geitbrua, og følg deretter det ca. 25 grader bratte terrenget oppover. Området mellom Hurra og moreneryggen på venstre side er normalt lettgått.

Over Hurrbrean held du til venstre for sprekkområdet midt på breen. Deretter fortsetter du opp den noko brattare delen av breen, og vidare heilt opp til ryggen mellom Skagsnebb og Bakarste Skagsnebb. Det fins to moglege vegval for å forsere det brattaste partiet opp til toppunktet. Dei som ikkje ynskjer å køyre det brattaste partiet ned att på ski, kan velgje å gå rett på ryggen, legge att skia der og følgje ryggen bortover.

Ver merksam på at ryggen er smal og luftig, så denne ryggvandringa krev god balanse og kontroll. Utglidningsfara er absolutt til stade og tidvis er det overhengande skavlar. Dei fleste foretrekk å gå den bratte renneformasjonen på venstre side av ryggen, som leiar deg opp dei siste 70–80 høgdemetrane frå breen. Ryggvandringa herfra til topps er ikkje like luftig, men òg her er det utglidningsfare på begge sider og overhengande skavlar. 

Nedkøyring same veg som bestigning, der det er viktig å unngå sprekkområdet midt på breen.

Rundtur og brattkjøyringslaternativ:
Rundtur er mogleg ved å køyre ein av dei bratte renneformasjonane ned sørsida av fjellet og ut på Veslbrean. Det er fleire av rennene som er køyrbare, men dei fleste vel ein av dei store rennene lengst aust. Dette er skikøyring i opp mot 45 grader bratt terreng, noko som krev stabile snøforhald. Har du valt denne nedkøyringa, er det enkelt å navigere seg attende til Geitsetre rundt Skagsnebb si austside. Terrenget her er variert og byr på ei mengd leikne detaljer.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no