For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Gravdalstinden (2113 m.o.h.) frå Leirvassbu

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Topptur til Gravdalstind_Foto: Ingvild Øyjordet
  • Topptur til Gravdalstind_Foto: Ingvild Øyjordet
  • Topptur til Gravdalstind. Foto: Ingvild Øyjordet

Om

Gravdalstinden er eit markert skrått platå med stup på austsida. Toppen er fyrst og fremst eit ynda skiturmål på fine vårdagar, men og ein fin fottur om sommaren!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu, Krossbu eller Skogadalsbøen
Høgdeforskjell: Ca. 900 meter fra Leirvassbu, ca. 1300 meter fra Skogadalsbøen
Turlengde: 8–10 timer fra Leirvassbu, der 1-2 timer er retur
Ver obs på: Snødekte bresprekkar på Sandelvbrean
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern, stegjern og isøks. Breutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 30°

Frå Leirvassbu:
Fylg kvista løype vestover frå Leirvassbu i retning Skogadalsbøen. Etter Gravdalsfonni fortsett du den kvista løypa til løypeskillet nordaust for Gravdalsdammen. Her tek du til høgre og fylger kvista løype i retning Krossbu. Den kvista løypa fylger du heilt opp til Sandelvbrean, og over breen til den vert brattare rett sør for Storebjørn. Her kan du byrje å skrå sørvestover og etter kvart skille lag med den kvista løypa. Etter kort tid kjem du til Søraustre Smørstabbtinden, og denne er mogleg å bestige fra begge sider.

Ynsker du deg vidare til Gravdalstinden held du deg på fjellrekka si søraustside, og siktar deg inn på det slake snøfeltet som går opp på ryggen til Gravdalstinden. Denne fylger du til topps, og det er her du vil finne brattaste terrenget på turen. Normalt er det ikkje noko problem å gå på ski og feller heilt opp, men av og til kan skarejern eller stegjern komme til nytte. Skikøyringa attende byr på enkel nedkøyring i terreng der det ofte er gode snøforhold. Alternativa er mange i dette området.

Skifolk med appetitt for bratt skikøyring har mange valmoglegheiter i den austvendte fjellsida ned mot Sandelvi. Ein fantastisk rundtur er å fortsette opp til Storebjørn og køyre Bjørnbrean attende til Leirdalen. Sjå topptur til Storebjørn for meir informasjon om dette skituralternativet.

Meir info: Gravdaltinden frå Sognefjellet


Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no