For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Søre Smørstabbtindar og Gravdalstinden (2113 m.o.h.) frå Sognefjellet

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4974, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Frå Sognefjellet, kan du plukke med deg både dei Søre Smørstabbtindane og Gravdalstinden i eitt dagsjafs. Dette er ein tradisjonell høgfjellsskitur, der ein går i storslagen natur, over den langstrakte Smørstabbrean og er krinsa av høge toppar på alle kantar. 

Beste utgangspunkt: Krossbu eller Sognefjellshytta
Antatt tidsbruk: 4 til 6 timar tur-retur (avhengig av kor mange toppar du vel å gå oppom)
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare.
Utstyr: Normalt toppturutstyr, isøks, stegjern og skarejern er vanlegvis godt å ha.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark/fjellski. 
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande. Gode snøforhald og vurdering av rasfare er ein føresetnad.

Dette er ein skitur i mykje lett terreng, noko som gjer vanleg fjellski til det beste alternativet. Det er ein drug marsj å krysse Smørstabbrean, så sørg for å ha gode sko som du er vant med å gå i. Når du kjem fram til foten av dei Søre Smørstabbtindane, kan du plukke med seg fleire 2000-meterstoppar på vegen mot Gravdalstinden.

Frå Krossbu turisthytte startar turen etter kvistaløypa som går mot Leirvassbu. Det stig moderat opp frå Krossbukanten, langs den nedsnødde elva Leira. Kvistaløypa tek deg etter kvart opp på breen, og ruta flatar noko ut. Følg kvistaløypa enda eit stykke, før du vrir sørover (mot di høgre side) omtrent rett sør for fjellet Kalven. Neste referansepunkt på turen blir da skaret vest for Søre Smørstabbtind 2033 moh. Dette rundar du på vestsida, og så inn aust for Vesle Gravdalstind. Fylg så brekanten aust for ryggen, før du går inn på denne, og siste etappe opp til toppen står att. Toppen har ei unik utsikt, og alt rundt deg er storslagent!

Plukke fleire toppar? På denne turen kan ein ta med seg heile seks 2000-­meterspunkt med dei Søre Smørstabbtindane. Anbefalt rute er da: 

Søraustre Smørstabbtinden - 2030 moh. - vidare til "bonustoppen": Humpedump - 2020 moh. -  Aust for Søre Smørstabbtinden - 2023 moh. -  Søre Smørstabbtinden - 2033 moh. og deretter Vesle Gravdalstinden - 2015 moh. -   Gravdalstinden - 2113 moh. og  Sørvestre Smørstabbtinden - 2045 moh. Denne ruta er totalt: 21 kilometer tur retur med ei stigning på 1200 høgdemeter. 

Returen over breen er den same som oppturen. Skikøyringa attende byr på enkel nedkøyring i terreng der det ofte er gode snøforhold. Det er fraråda å falle for freistinga å kjøre ned Bøverbreen, da denne har eit brefall med mange stygge sprekkar. Denne turen egnar seg best i godt vêr, da det er svært viktig med sikt for å sikre seg korrekte referansepunkt oppe på denne flate og kvite breen. Hugs solkrem og -briller da du går med sola midt i ansiktet heile vegen opp til toppen! Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.

Turrapportar
www.peakbook.org

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no