For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Bukkehøe (2314 m.o.h.) frå Visdalen

TypeTopptur vinter

Visdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Kjell Nyøygard

Om

Bukkehø (2314 moh) er ein av dei flottaste utsiktstoppane i Midt-Jotunheimen, og eit naturleg vegvalg om ein vil ha ein flott skitur kombinert med lang og ikkje for bratt nedkøyring. 

Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 1200 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6  timer tur retur.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Isøks, stegjern og breutstyr er normalt ikke påkrevd.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels

Frå Spiterstulen går vi opp Tverrådalen til Tverråbreen (ca 1 time). Så fylgjer vi breen på nordsida til Tverråbandet (1,5 time). Her kan ein velje å bestige Lindbergtind (2120 moh) eller passere nord for denne til øvre Tverråbandet. Her passerer vi like under den imponerande austveggen til Bukkehø. Gå sør langs veggen til du kjem opp på topplatået via ein bratt bakke. Herfra lett til toppunktet.

Frå toppen fantastisk skileik ned sørsida av Tverråbreen («den beste skiopplevelse» iflg Stein Eriksen) heilt ned att.

Andre høgaktuelle toppturar i området er Leirhø (Noregs høgste hø, 2330 moh), Store Memurutind (2364 moh), Store Heilstugutind (2345 moh), Styggehø (2214 moh), Glittertind (2352 moh), Bukkeholstindane (mange tilgjengelege toppar over 2000 meter, høgste 2213 moh). Turane byr på fleire utevalg opp og ned, etter vêr og føre. 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no