Topptur på ski: Bukkehøe (2314 m.o.h.) frå Leirdalen

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Kjell Nyøygard
  • Product Image

Om

Med moglegheit for å renne deg ned att heilt fram til bildøra er dette ein topptur som burde freiste. Når du attpå til får 1300 høgdemeter å nyte på tur ned er det berre pakke sekken!

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1310 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer, inkludert ½–1 time retur
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Isøks, stegjern og breutstyr er normalt ikke påkrevd.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande
Bratteste parti: 30° ved valg av normalruta

Turen starter ved Geitsetre, og du fylger stien eller snøfelta oppover langs Ytre Illåes sørside. Deretter siktar du deg inn på ryggen nord for Sauhøe. Ryggen rundast og du skrår nedover mot Søre Illåe for å krysse denne. Den mest behagelige bestigningen får du ved å fylge terrengets slake liner opp Skardbakken, og deretter sette kursen mot ryggformasjonen som er merket med Tunga på kartet. Oppover tunga er det 25–30 grader bratt og tidvis dårlig snødekning, men det er normalt ikkje noe problem å navigere seg på ski opp mellom steinane.

Deretter fylges ryggen/breen enkelt til topps. Dersom det ikkje let seg gjere å gå opp Tunga på ski vil det være ein fordel å traversere på nedsiden av Tunga i retning moreneryggane nedenfor breen, og heller gå opp langs den fyrste av desse. Deretter fylges breen oppover og toppen kan bestigast enkelt fra nord. 

Eit anna alternativ er å gjere heile bestigninga langs moreneryggane nedanfor brefallet, der terrenget er ca. 35 grader bratt. Nedkjøring velgast primært samme veg som opp, men fjellet byr på flere alternativer. Den bratte skikøyringa langs moreneryggane ned til Søre Illåe har ofte gode snøforhold. Bukkehøe er ein av fleire flotte fjell som det er mogleg å kombinere med ei høgrute mellom Geitsetre og Leirvassbu.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.