For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Bakarste (2259 m.o.h.) og Fremste Storgrovhøe (2253 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Storgrovhøe er eit stort og mektig toppturfjell der fleire toppar kan sankast på same turen!

Beste utgangspunkt: Ytterdalssætre, Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1350 meter 
Turlengde: Omlag 8 timer, der ½ til 1 time er retur
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevjende
Ned: Krevjende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevjande

Dette er eit stort toppturfjell som er lett tilgjengeleg frå Ytterdalssætre eller avkøyringa på/fra riksvei 55 mot Leirdalen. Er snøforhalda stabile er fjellet difor enkelt tilgjengeleg også på vinteren når vegen innover Leirdalen er stengd. Frå Ytterdalssætre skrår du oppover mot Heimre Illåe i terreng med småbjørk og små bekkeleier. Der Heimre Illåe går inn i ei trong bekkesjakt må du halde til venstre og fylge det omlag 30 grader bratte terrenget oppover. Deretter er det enkelt opp til Heimre Illåbrean. Her kan ein anten fylge breen eit lite stykke oppover eller ligge rett på venstre side over høgden som er merka med 1789 m.o.h. på kartet. Deretter er det enkelt opp til Fremste og Bakarste Storgrovhøe. Ver merksam på stedvis dårlig snødekning i det noko vindutsette terrenget. Tidleg snøsmelting på nederste del av turen gjev noko kortare sesong enn dei øvrige turane.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no