Skogstad sin visjon er å produsere klede til heile familien - av beste kvalitet til konkurransedyktige prisar. Dei leverar alt frå teknisk og høg-funksjonell bekleding, til fritidsklede, og lovar å lage klede for morgondagen sine uteopplevingar.
Skogstad etablerte sin konseptbutikk i Lom i 2018, her kor turgleda fins i alle heimar, og turlandskapet i vakre Jotunheimen startar rett utanfor alle sine dører. Ski- og topptursesong sommar som vinter, vår som haust! Her kan draumar gå i oppfyllelse kvar dag heile året bare ved å ta turen ut. Alt du treng er rette klede for anledningen, det finn du hos Skogstad Lom, som ligg i Flækøybygget, rett ved bakeriet i Lom og er heilårsope.
Våren 2024 opnar Skogstad sport ny butikk på Nilbue i Lom sentrum.
Om Skogstad:
Året var 1937. I strandkanten ved Nordfjord, kor isbreane glitrar mellom smale dalar, finn du Innvik. I dette vêrharde fjordlandskapet på Vestlandet, kor fjellet går lodrett ned i fjorden, bestemde ein liten familie seg for å lage klede. Og slik vart Skogstad skapt av vêr og vind.
Skogstad Sport vart altså etablert i 1937, og er ein av Noregs leiande leverandør av sport - og fritidsklede. Bedrifta er styrt av familien Skogstad gjennom tre generasjonar, med hovudkontor i Innvik, Nordfjord og salgskontor/showroom i Nydalen, Oslo. Skogstad har og kontor i Kina med sju tilsette, og er totalt ca. 60 tilsette i Noreg. Per i dag har butikkkjeda 11 eigne butikkar, i tillegg til nettbutikk.
Kundeklubb:
Meld deg inn i Skogstad sin kundeklubb for gode tilbod. Dette kan du gjere enkelt ved å sende «skogstad» til 2242. Sjå meir om produkta på www.skogstadsport.no. Følg oss gjerne på @skogstadsport på Facebook og Instagram.
Velkomen til ein rein Skogstad-butikk i fagre Lom!