For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Skjåk Adventure | Rafting, paintball og elveaktivitetar i Skjåk

TypeVannsport

2690, Skjåk

+47 47261672

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Velkomen til Skjåk Adventure!
Skjåk Adventure spesialiserer seg på spennande opplevingar i vakker natur. Besøkande kan bli med på turar på Ottaelva – perfekt for rafting og andre morosame vassaktivitetar.

Dei tilbyr turar for alle nivå – frå familiar med små born til dei som vil utfordre dei villaste stryka. I tillegg til rafting tilbyr Skjåk Adventure òg juving, riverboarding og ducky-turar.

No tilbyr dei òg paintball i ekte skogsterreng – perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, bursdagar og firmaarrangement.

Om Skjåk Adventure:
Skjåk ligg sentralt mellom Aust- og Vestlandet, med kort veg til både Geiranger, Lom og Sjoa.

Basen deira ligg ved Ofossen Mølle, eit kulturminne frå 1885. Den historiske mølla er framleis i drift, og produserer det kjende "Skjåkmjølet" og "bygggryn frå Skjåk".

Dette er eit flott utgangspunkt for rafting, kajakk, hydrospeed og ducky – med det kjende stryket Ofossen rett ved.

 

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no