For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Reinheimen nasjonalpark

TypeNaturattraksjon

2686, Lom

Om

Reinheimen nasjonalpark | I villreinens rike - ”ein stad å finne ro”

Reinheimen nasjonalpark er den 3. største nasjonalparken i landet. Seks landskapsvernområde i Møre og Romsdal og Oppland grensar til nasjonalparken. Ein av dei store opplevingskvalitetane i Reinheimen er det store samanhengande fjellområdet utan inngrep.

Det er liten ferdsel i området, med berre nokre få merka stiar. Reinheimen er ei villmark med ein uvanleg stor variasjonsbreidde.Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar fjellområdet. I vest finn du eit dramatisk landskap med kvasse tindar og egger, botnar, urer og strie elver.

Mot Romsdalen er det kring 1000 meter fritt fall ned Trollveggen. Austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer, dalane er breiare og elvene flyt stillare. Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Villrein finn gode beiteområde her heile året.

Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Reinheimen har vore brukt av menneska heilt sidan innlandsisen trekte seg attende etter siste istid. På holmar og nes, som stikk ut i dei store fjellvatna, finst flintrestar etter dei første nomadane som levde av villreinen. På strategiske punkt der reinen passerer, ligg fangstgropene på rekke og rad. Villreinen er framleis ein viktig ressurs for fjellbygdene rundt nasjonalparken og det blir drive villreinjakt i området i dag. I dalane inn mot Reinheimen nasjonalpark finst levande setermiljø med viktige beiteressursar for sau og storfe. I Tafjordfjella og i vestre delar av Skjåk finst merka turstigar og turisthyttar i og inn til nasjonalparken.

Fakta:
Arealet i Reinheimen nasjonalpark er ca. 1.969 km2 .
Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Leveområde for villrein og kulturminne står sentralt i vernet. Området er viktig som referanseområde for forsking med ein stor variasjonsbreidde i høve til geologi, klima, vegetasjon og topografi.

Allmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

Kart