For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Leirvassbu | Fjellvandring

TypeBrevandring

2687, Bøverdalen

+47 61 211210

Fottur i Visdalen. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Fottur i Visdalen. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Stetind. Foto: Live Andrea Sulheim
  • Vårskikøyring i Visdalen. Foto: Live Andrea Sulheim

Om

Leirvassbu er eit godt utgangspunkt for lange, stutte, enkle eller meir krevjande fotturar eller skiturar i Jotunheimen.

På Leirvassbu møtast fire dalar med fjellmassiv og tindar spisse som spjot. Her er det nok å ta av både for deg som ynskjer utfordringar med lange og bratte traversar og for familiar der alle kan oppleve den fantastiske naturen.

Kyrkja (2032 moh.) er sjølve signaturfjellet – spisst som eit kyrkjespir, uimotståeleg vakkert og med fantastisk utsikt på alle kantar.

Storebjørn (2222 moh.) er majesteten og ein av klassikarane. Ein krevjande tur der det må brukast tau over breen. Dette er den mest populære føringsturen frå Leirvassbu om sommaren.

Midtre Høgvagltinden (2066 moh.) er av dei mest besøkte måla vinterstid. Om sommaren kan ein gå rundt eller krysse Høgvaglbreen, som krev at ein går i taulag.

Stetinden (2020 moh.) med vidsyn og nærkontakt med Smørstabbtindane får fram suget i magen. Dei siste meterane er bratte, men problemfrie for dei aller fleste.

Visbreatinden (2234 moh.) naboen til Kyrkja og av dei høgste dagsturfjella frå Leirvassbu utan tekniske utfordringar. Spisst, luftig og tiltrekkjande med ei stupbratt nordside. For å nå toppen må du også over Langvasshøe (2030 moh.).

Tverrbottindane kan gåast som ein rundtur over ei rekkje 2000-metertoppar frå Leirvassbu.

Merka løyper:
Det er merka T-stigar frå Leirvassbu til nabohyttene Spiterstulen, Gjendebu, Olavsbu, Skogadalsbøen, Sognefjellshytta og Krossbu. Om vinteren er det kvista løyper til alle nabohyttene.

Isbrear rundt Leirvassbu:
Det mest spennande er kanskje utforskning av dei fantastiske isbreane. Smørstabbrean er den største isbreen i heile Jotunheimen. Alternativa er mange, med isklatring og rappellering. Frå Sletthamn midt i Leirdalen kan du gå geostigen inn til den mektige Storbrean der du undervegs kan lese skilt med informasjon om breane og området rundt.

Toppturar på ski - Høgruta i Jotunheimen: 
Avslutt gjerne vinteren med herlege vårskiturar i området rundt Smørstabbreen, Galdhøpiggen, Leirdalen og Visdalen.

Leirvassbu er ein del av Høgruta i Jotunheimen, og den 5. hytta du er innom i løpet av den 5 dagar lange skituren gjennom hjarta av Jotunheimen. Du kan anten bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. 

Påska i Jotunheimen må oppplevast med hyggeleg miljø og mange alternativ for skiturar, anten du vil opp i høgda eller gå mellom hyttene i godt merka skiløyper. Leirvassbu har vanlegvis ope frå ei veke før påske og fram til starten av mai. Vi kan tilby beltegåande transport frå vinterparkeringsplassen til og frå Leirvassbu for våre gjester.

Skiterreng finn du slik du sjølv ynskjer det med lange dalar, bratte bakkar eller høge toppar. Det er nesten uendeleg med alternativ i alle himmelretningar. Her kan du kruse over kvitlagde isbrear eller brodere silkemjuke S-mønster i djup puddersnø.

Fisking:
Det er mange gode fiskevatn i området rundt Leirvassbu. Aure er einaste fiskeslag og kvaliteten på fisken i Jotunheimen er fyrsteklasses. Du finn alt du treng å vite om fiske i området på www.inatur.no 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring

Kart

Sjå meir

Leirvassbu Mountain Lodge - Lom, JotunheimenLeirvassbu | Turisthytte, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Leirvassbu | Guida turar, LomLeirvassbu fjellstue i Jotunheimen ligg idyllisk til 1400 moh. ved Leirvatnet i Leirdalen, og er eit ypperleg utgangspunkt for toppturar med flust av 2000-meterstoppar rett utanfor døra.