For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fisking kring Memurubu

TypeFiske

2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forFisking kring Memurubu (Åpnes i et nytt vindu)

92 89 32 26

Product Image

Om

Memurutunga ligg som eit trekantforma platå i området mellom Gjende i sør, Memurudalen i nord og Storådalen i vest. Her er det fleire gode fiskevatn. Om du slår opp telt eit stykke innpå Memurutunga har du mange alternativ innan ein halvtimes gange.  

Ta Gjendebåten frå Gjendesheim til Memurubu. Følg råket på vestsiden av Memurudalen. Rett før du kjem til kraftverket i Memurubu, tek du ned til venstre til ei gangbru som kryssar elva. Etter å ha kryssa denne, går det eit bratt råk opp til fjellplatået Memurutunga. Går du dette råket, kjem du direkte til fleire fiskerike aurevatn som heter Sjugurdtindtjøinne, Grunnevatnet og Ånde. Dei fleste fotturistar som går Bukkelægret (mellom turisthyttene Gjendebu og Memurubu) vel denne ruta.

Det andre alternativet er å gå innover den frodige Memurudalen. Da går du på venstre side av elva innover dalen. Det er godt merka råk og slakare stigning enn råket over Bukkelægret. Du kjem opp på Memurutunga ved Lågtungetjøinne. Turen frå Memurubu inn til Lågtungetjøinna tek om lag 1,5-2 timar å gå. Vel du å slå opp telt ved Lågtungetjønne, har du fleire gode fiskevatn å velge mellom innan ein radius på eit par kilometer. Sekketjønne og Stongtjønne ligg eit par kilometer unna, medan Høgtungetjønne er rundt 3 kilometer unna.

Her finn du ein artikkel frå området; "Fisk på Memurutunga" -  og her er ein film frå same tur.

Gjendetunga:
Dette er eit fantastisk område sentralt i Jotunheimen . med mange svært gode fiskevatn. I Raudalen mellom Gjendebu og Olavsbu finn du fleire små vatn med stilleflytande elv/bekk imellom. Best frå månadskiftet juli/august og utover, fordel med bra vêr. Stutt veg vidare til Memurutunga om ein planlegg tur over fleire dagar.

Bessvatnet og Russvatnet:
Dette er to store og gode fiskevatn som ligg nord for innsjøa Gjende, i Aust-Jotunheimen. Fjellryggen Bessfjellet og Besshø (2258 moh.) skil dei to vatna. Bessvatnet er kjent for alle som har gått Besseggen; eit 6 km. lang vatn som er enklast å nå frå turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim. Her er det fint å fiske med både stang, boks og oter. 

Russvatnet er ca. 10km. langt og ligg 1175 moh. og har rykte på seg om å vere Jotunheimen sitt beste fiskevatn! Du kan gå hit frå Russdalen eller ta Gjendebåten til Memurubu og gå frå her. 

Fleire fisketips og turbeskrivingar finn du i boka "Fiskevatn utenfor allfarveg" av Morten Wangen.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • elvefiske
  • ferskvannsfiske
  • fiske i vann
  • fiskekort
  • fiskemuligheter
  • fluefiske

Dyr/fiske slag

  • ørret

Generelle fasiliteter

  • fiskekort

Natur og terreng

  • sportsfiske

Symboler

  • Fisketur

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no