For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Badeplassar i Lom | Sandstrand ved Liabrue

TypeBad

2686, Lom

+4761212990

  • Badestrand ved Liabrue i Lom
  • Product Image
  • Product Image

Om

Er du klar for ein frisk dukkert når du er i Lom og Jotunheimen? Badestranda ved Liabrue er Lom sitt svar på "sydenstrand".

 

Liabrua ligg omlag 7 km aust for sentrum, i retning Otta. Følg skilting til Liabru frå RV15. Du må køyre over brua, så kjem du til badeplassen.  
Ved Liabrue er det  sandstrand på begge sider av vegen, langgrunt og difor også barnevenleg. Her har du også fin utsikt til majestetiske Lomseggen som ruvar over Lom sentrum. 

 

Badeplassar ved Lom sentrum:
Det er også ein badeplass omlag 400 meter frå Lom sentrum ved Ottadalen Mølle. Ta RV 15 frå Lom sentrum ca 400 m. vestover mot Stryn. Ved Ottadalen Mølle svingar du til høgre, deretter fyrste til venstre og enda ein gong til venstre langs ein smal grusveg. 

Det er også mogleg å bade i elva Bøvra, rett nedanfor Nordal turisthotell, der det er ei lita strand. Vêr obs på straumen i elva, og hald deg nær land! 

 

 

 

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no