For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fossheim Hotell - restaurant - Lom Jotunheimen

TypeRestaurant

Bergomsvegen 32, 2686, Lom

+47 61 21 95 00

Fossheim Hotell Lom Jotunheimen

Om

Kjøkenet på Fossheim har vorte utvikla gjennom mange år og norsk tradisjon og gode rådvarer ligg i botn for det daglege arbeidet. Kokkane tenkjer lokalt i val av leverandørar og brukar i størst mogleg grad råvarar frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Det kan hende kjenner du ei fristande duft frå kjøkenet som lokkar deg ned til spisesalen. Heilt sidan 1978 da hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet, har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarar.

Samen med Arne Brimi som byrja på Fossheim-kjøkenet same året som Svein tok over, bygde dei opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken. Vi er opptekne av å nytte mest mogleg lokale produsentar og råvarar, og hauste av nærområdet vårt.

Naturens kjøken: 
Lom er kjent for sin rike mattradisjon og har fostra nokre av landet sine fremste kokkar. Vår kjøkensjef Kim Joma tykkjer at når du kjem til Lom skal du få smake noko av det som finst her i nærområdet, frå fjell, fiskevatn og gardar - gjerne med ein moderne vri. Kjøkkenet følgjer årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ulike sesongane.

Hjå oss kan du velje mellom ulike menyar, frå enkle rettar til lang vinpakke-meny, og dersom du har spesielle ynskje vil vi gjera vårt beste for å tilpasse oss det. Spisesalen er open for frukost for både buande og dei som ikkje overnattar sjå oss. Her kan du òg smøre matpakke til dagens tur. Prat med frukostvertane våre, så finn dei fram matpapir og hjelper med fyll av termos.

Når du kjem hit, skal det vera som å koma heim åt oss. På Fossheim får du oppleva god mat tufta på lange tradisjonar.

Velkomen til oss for ei trivleg matstund! 

Sjå menyen her! 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • bygget

Kapasitet

  • 50-200 personer

Mat og drikke

  • à la carte
  • allergimat
  • barnemeny
  • catering
  • frokost
  • gourmet
  • julebord
  • lokale retter
  • norsk mat
  • spesialøl
  • tradisjonsmat
  • uteservering
  • vinkart

Skjenkerettigheter

  • alle rettigheter
  • matservering med alle rettigheter
  • øl og vin
  • restaurant med skjenkerettigheter

Tema

  • Lokale smaksopplevelser

Kart