For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Mat på bål | Tomatsuppe

TypeLokal mat

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 612 12 990

  • Mat på bål: Tomatsuppe
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Tomatsuppe

Om

Løft utemåltidet til nye høgder med litt førebuing heime. Her syner vi deg korleis du enkelt kan lage ei smakfull tomatsuppe på bålet.

Du kan ta med deg ein ferdigsuppe-pose på tur. Eller du kan lage ho frå botn av. Garantert betre - og garantert meir spanande!

Med Jotunheimen sine høge fjell og ville natur som kulisser, ynskjer vi å inspirere deg til å tenkje nytt rundt turmaten, og som her; på enkelt vis lage ei smakfull tomatsuppe med enkle midlar, ført i gryta av Jehans Bakke på Nordal Turistsenter.


Oppskrift: 
Her er ingrediensane i Jehans Bakke si tomatsuppe. 
(- og sidan kokken er "allergisk" mot oppskrifter, må du annsjå ho som vegledande. Her må det smakast til etterkvart!)

Tomatsuppe til 3-4 personar:

140 g tomatpure

3 fedd hvitløk

1 halv stor chili

6 dl grønnsaksbuljong

1 dl kremfløte

150 g lettsalta sideflesk

Salt

Pepper

Sukker


Vi ynskjer deg ein skikkeleg nam-nam-tur ut i naturen - og lykke til med kokkinga. Vi trur vi kan love at denne er så god at ho òg vil bli ein ny favoritt heime på kjøkenet! 
 

Hugs; rundt bålet har ein støtt god tid!

PS: VÊR FORSIKTIG!
Respekter lokale råd og evt. forbod mot opptenning av bål, og sørg for å ha bålet på trygg stad, der det ikkje medfører brannfare!

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no