For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Glitterheim

TypeTopptur vinter

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

Nokre av dei høgaste toppane i Aust-Jotunheimen er synlege frå Nasjonal turistveg Valdresflye. Dette er 2368 meter høge Surtningssue nord for Gjende. Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen

Om

Surtningssue er Vågå sitt høgaste fjell (2386 m.o.h.) og det 7. høgste fjellet i landet. 

Beste utgangspunkt: Glitterheim turisthytte
Høgdeforskjell: ca 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6-10 timar, ettersom kor mange toppar ein plukkar med seg på vegen. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp:  Middels
Ned: Middels

Mange går til Surtningssui om vinteren, anten langs ryggen frå Styggehøbreskaret til Surtningshui eller ved å gå mot Russvatnet frå Glitterheim opp til toppane før Surtningssui og over breen til Surtningssui. Dette er ein lang tur og krever både erfaring og kunnskap. Resepsjonen i Glitterheim er oppdatert på forholda i sesongen.  

Frå Glitterheim turisthytte, som ligg 1390 m.o.h. er det enkel ankomst til Styggehøbreen og Veotindane. Veotind 2240 moh. og Høgste Veotind 2267 moh. er lette å bestige frå kvista rute til Memurubu. Du kan og ta med fleire toppar i området;  som Nordre Veotind, Styggehøbretinder, Sage osv. 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no