For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Storstabburet i Lom

TypeFortidsmuseum

Brubakken 12, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 916 60 017

Storstabburet i Lom.
  • Storstabburet i Lom.
  • Product Image
  • Product Image

Om

Storstabburet i Lom er eit tre etasjer stort stabbur, som truleg er bygd fyrst på 1600-talet. Det blir rekna for å vera det største av sitt slag i Noreg.

Stabburet ligg i Presthaugen rett bak Norsk fjellsenter. Her finn du 26 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet. 

Stabburet vart brukt som ei tiendebu, eit lagerhus (kornmagasin) for skattekornet frå bygda, før det vart delt ut til kongen, biskopen, presten og kyrkja. Lom og Skjåk var på den tida ei samla bygd, med store kornavlingar. Dette hadde dei mange og store vatningssystema ein stor del av æra for.

Sjå utstillinga "Vatn og korn"
I dag er storstabburet ein del av Lom Bygdamuseum, og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» - dei spesielle vatningsteknikkane i Nord-Gudbrandsdalen er kjent for, og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene. Utstillinga viser korleis Lom, Norges mest nedbørsfattige område, vart ei fruktbar kornbygd på 18- og 1900-talet. I utstillinga kan du i tillegg sjå en nyredigert dokumentarfilm frå 60-talet om korleis det unike kanaliserings- og irrigasjonssystemet i bygda gjorde dette mogleg.

Kva betyr "stabbur"?
Kva ordet stabbur eigentleg betyr eller kjem frå, er ein ikkje heilt sikker på. Men det kan godt hende at det kjem av gamalnorske ordformer som stafbu eller stafbur, og da er det mest truleg byggekonstruksjonen som har namna det, nemleg stavteknikk. Ein annan moglegheit er at namnet kjem av det gamalnorske ordet stabbi, dvs stabbe, stubbe. Storstabburet står nemleg på heile 16 slike gilde stabbar.

Kart

Sjå meir

Lom Rural MuseumLom bygdamuseum, LomLom bygdamuseum ligg i Presthaugen i Lom sentrum, og består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940, ​​og truleg Noreg sitt største stabbur.