For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Skogstad Lom

TypeSports-og fritidsklær

Flækøybygget, 2686, Lom

+47 902 72 289

Skogstad Sport Lom - barnehage
  • Skogstad Sport Lom - barnehage
  • Skogstad Sport Lom
  • Skogstad sport_

Om

Velkomen til ein rein Skogstad-butikk; i fagre Lom i Gudbrandsdalen.

Her kor turgleda fins i alle heimar, og turlandskapet i vakre Jotunheimen startar rett utanfor alle sine dører. Ski-og topptursesong sommar som vinter, vår som haust! Her kan draumar gå i oppfyllelse kvar dag heile året bare ved å ta turen ut. Alt du treng er rette klede for anledningen, det finn du her hos oss på Skogstad Lom.

Om Skogstad:
Året var 1937. I strandkanten ved Nordfjord, kor isbreane glitrar mellom smale dalar, finn du Innvik. I dette vêrharde fjordlandskapet på Vestlandet, kor fjellet går lodrett ned i fjorden, bestemde ein liten familie seg for å lage klede. Og slik vart Skogstad skapt av vêr og vind.

Skogstad Sport vart altså etablert i 1937, og er ein av Noregs leiande leverandør av sport - og fritidsklede. Bedrifta er styrt av familien Skogstad gjennom tre generasjonar, med hovudkontor i Innvik, Nordfjord og salgskontor/showroom i Nydalen, Oslo. Skogstad har og kontor i Kina med sju tilsette, og er totalt ca. 60 tilsette i Noreg. Per i dag har butikkkjeda 11 eigne butikkar, i tillegg til nettbutikk.  
 
​​​​​​Skogstad sin visjon er å produsere klede til heile familien - av beste kvalitet til konkurransedyktige prisar. Dei leverar alt frå teknisk og høg-funksjonell bekleding, til fritidsklede, og lovar å lage klede for morgondagen sine uteopplevingar. Dei kallar det uteglede.
 
Kundeklubb:
Meld deg inn i Skogstad sin kundeklubb for gode tilbod. Dette kan du gjere enkelt ved å sende «skogstad» til 2242.
Sjå meir om våre produkt på www.skogstadsport.no. Følg oss gjerne på @skogstadsport på Facebook og Instagram.

Velkommen til Skogstad for en hyggelig handel!  

 

 

Fasiliteter

Målgruppe

  • Barn
  • Familie
  • Ungdom
  • Voksen

Kart

Opningstider

Sesong (28 jan 2019 - 31 des 2019)
DagTider
Mandag - Fredag10:00 - 16:00
Lørdag10:00 - 15:00
SøndagStengt