Jotunheimen er eit eldorado for store naturopplevingar i høgfjellet. Her finn du Noregs to høgaste fjell; Galdhøpiggen (2469 m.o.h) og Glittertind (2452 m.o.h), og landets kanskje mest populære fjelltur; Besseggen.
Har du fyrst vore der, forstår du antagelegvis at eventyrlystne tindebestigarar og fjellfolk har latt seg lokke av Jotunheimen helt sidan 1800-tallet. Nasjonalparken midt i Noreg er eit utmerka område for fotturar om sommaren, og for ski- og toppturar vinterstid. Dei mange isbreane bidreg dessutan til å forlenge vårskisesongen.
Visste du forresten at dei aller fleste av landets drøye 300 toppar over 2000-meter i Jotunheimen?