For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue - Våren 2024

TypeKurs

Sognefjellsvegen 13, 2686, Lom
Product Image

Om

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

Matkurshelgene varar frå torsdag til sundag på følgande datoar våren 2024:
- 29. februar til 3. mars
- 14.-17. mars
- 25.-28. april

Velkomne til Lom! Vi tek i mot deg med enkel men raus kveldsmat på BrimiBue. Arne kjem, og saman tek vi ein prat om helga.

Fredag startar sjølvsagt med frukost, før turen går til Vianvang. Der skal dykk bruke heile dagen saman. Dykk ruslar dei siste 600 metrane opp til Vianvang, der dykk møter Arne og resten av gjengen på tunet. Fyrste del av dagen blir brukt i nybygget på Vianvang – kulturscena. Det blir mat med Arne og resten av kokkane på Vianvang, og vin med Even Brimi. Etter kurset er det tid for ei lita pustepause på Vianvang, før det er klart for ein tradisjonell Vianvangkveld.

Laurdag er vi klare for nok ein kursdag, men da på BrimiBue. Matkurset vil bli leia av Dan-Robin frå BrimiBue. Det blir sjølvsagt fleire smaksprøvar etterkvart i kurset, og mykje får du ete til lunsj.
Fredag ettermiddag kan du rusle deg ein tur på Bergom, ta eitt glas i restauranten, eller slappe av på rommet. Om kvelden serverar vi ein lang BrimiBu-meny.

Sundag venter ein lang frukost på BrimiBue, før vi takkar for nå og ynskjer dykk vel heim.

Kart

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no